Gå til innhold

Og så var dette svangerskapet over......


HegeAE

Anbefalte innlegg

Og det var godt. 23.nov kom barn nr 2 til verda. Og det etter ein del dager med igangsetting.

 

Det heile begynte med innleggelse torsdag med å få satt inn ballongkateter for å få fortgang i modningsprosessen. Og det hadde skjedd ein del ja. Men, forsatt stod livmorhalsen langt oppe. Fredagen fekk eg satt inn 2 modingspiller. Hjalp til det og, men ikkje til rier. Så eg gjekk å håpte på keisersnitt kvar dag.......

Så lørdagsmorgon kl 0600 våkna eg opp med rier. Da var det nok ikkje lenge igjen. Men, neida. klokka var nesten midnatt før ein fekk kome over på fødeavdelinga.

 

Og enda skulle det ta si tid ja. Riene var allereie blitt ganske vonde. Men, epiduralen lot seg vente ja. Men, så fekk eg endeleg epidural, og da dabba i vertfall riene av. Så da vart det satt inn riedrypp. Det fekk litt fart på sakene ja. Epiduralen tok mesteparten av smertene. Men, da dei skifta sprøyte, vart det lite effekt i epiduralen ja. Riene vart jo vondere og vondere. Så vondt vart det, og det spesielt på venstre side i lysken, så legene sjekka med ultralyd. Men, dei kunne ikkje finne noko.

Vart sjekka for siste gang, og da var det full opning. Og riene like vonde. Og all moroa tok til ja. Jordmor måtte nesten ta eit skikkelege tak i meg og fortelle kva eg skulle gjere. Først ville eg ikkje høyre etter. Men, ein kom til fornuft til slutt, da ein virkeleg skjønte at skulle babyen ut, ja da måtte eg gjere jobben sjølv, for legeteamet kom ikkje til å ta keisersnitt. Alt av diverse utstyr stod klar til å hjelpe babyen ut, som tang og vakum, men eg klarte faktisk jobben heilt aleine. Sjølvsagt med god hjelp frå jordmora. Her vart babyen pressa ut for eige maskin.

 

Så søndag 23.nov vart jente nr 2 født. Og hadde da termin den 10. nov.

 

Og ein ting er sikker. Etter 2 igangsatte fødsler, der den første endte med hastesnitt og den andre vaginalt med mykje sying etterpå, så er det siste gangen eg blir gravid igjen. Og viss eg skulle bli gravid igjen, så er det kun planlagt keisersnitt eg hadde gått for.

2 barn får vere nok ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...