Gå til innhold

Over termin-tråd


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg skriv dag -6 og trur aldri det blir fødsel på meg... Av ein eller anna grunn (utolmodighet, kanskje hehe) trudde eg ikkje eg kom til å gå over temrmin, men der tok eg feil. I morgon er det ei veke, og eg har begynnt å lese om overtidsfødslar, og begynner å bli nervøs, -som om eg ikkje var nervøs nok for fødselen. Har slutta å sjå på "jormødrene" og alt som har med hyling og skriking i forbindelse med fødslar å gjere. Det heile blir faktisk berre meir og meir fjernt for meg.

Har lite lyst til å bli satt i gong, og keisersnitt med den barselperioden det innebærer fristar ikkje... nei, dette er ikkje moro.

Trur eg skrur av mobilen, forresten, det er jammen mange som har lite antenner når det gjeld å mase etter babyen min.... eg maser på han sjølv:-)

Elles er eg heldigvis i god for og kan bevege meg og gå litt turar og bake og slikt. Hjelper på å få dagane til å gå.

Korleis er det med dykk andre som er over termin?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...