Gå til innhold

Stressa og beroliga hjå legen


Anbefalte innlegg

Skrevet

No kjem eg nett frå legen og må slenge meg litt nedpå etter inntrykket. Eg har hatt eit problemfritt svangerskap (er 35+6 i dag), og var ikje budd på at legen skulle lure på noko anna enn det. Då han skulle høyre på hjartelyden blei han ståande kjempelenge og lytte og tok pulsen min samtidig. Skrudde av apparatet, og på an igjen. Så sa han at eg måtte ligge heilt roleg litt og så skulle han prøve igjen, for han lurte på om det var meg eller babyen han høyrde. Og livet passerte i revy......:-O Eg hadde eit par minutt utanfor meg sjølv før han lytta igjen, og frekvensen til babyen (som var det han hadde høyrt) var litt raskare. Pulsen han hadde høyrd først var på120-125, og det er i nedre del av normalen (og kan overlappe med mor). Barnet mitt sov nok sin djupe søvn, og blei mest sansynleg vekt av stresset eg opplevde då legen vart usikker (det var i alle fall legen si forklaring), normalen ligg mellom 120 og 160 sa han. Pulsen til babyen låg i alle fall på 135 då han målte igjen, og alt var fint. No dunkar han i veg inni magen min, og eg elskar det!!!!!

Elles fekk eg henvising til ny UL for å sjekke storleiken på barnet. Eg

har vore litt usikker på om eg skulle be om det, for eg har ein relativt liten mage, og SF mål ligg like under den raude lina, så jordmora har tippa ein gutt på 3,3kg ved termin. Men mora mi har fått gigantbabyar, så det var faktisk legen som foreslo at eg burde sjekke storleiken. Eg takka ikkje akkurat nei:-) Gler meg til å sjå han igjen:-)

Er det nokon av dykk som har "arva" evnen til å få store babyar? Ser på tidlegare trådar her at det er litt ulike opplevingar i forhold til samsvar mellom eigen og mors fødslar.

 

 

 

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...