Novemberknøttprøverigjen Skrevet 15. oktober 2008 #1 Skrevet 15. oktober 2008 Etter at magen begynnte å vekse har damer som tidlegare har født kasta seg over meg for å fortelje om fødslane sine, noko eg har opplevd heilt pyton beklemt, pågåande, irriterande og tildels utruleg frekt! Eg vil bu meg på eigen fødsle når og på kva måte eg vil, og nærgåande, private og ekle historiar hjelper ikkje meg. Etterkvart har eg berre gitt beskjed om at eg ikkje er interesert i å høyre fødselshistoriar frå gud og kvarmann før folk kjem i gong. Men i dag greidde eg altså ikkje å avverge at ein mann klarte å seie at han takka gud for at han var mann. Bakgrunnen var at då slepp han føde... Kva er det som rører seg i hovudet til idiotar som synest det er heilt på sin plass å kome med drit til ei høggravid dame. Korleis i svarte skal eg forholde meg til det? Eg vart faktiske så paff at eg ikkje sa noko, har liksom ikkje tenkt at også menn kan vere idiotar i forhold til å snakke om fødslar også. ÅÅÅÅÅÅ så glad eg skal vere når babyen min er ute og eg kan sleppe all denne fødselsprat-driten!!!!!!!!
Gorosa Skrevet 18. oktober 2008 #2 Skrevet 18. oktober 2008 Jeg synes også det er dårlig gjort å fortelle gravide om sine "skrekk-fødsler", men når du har født, vil du nok oppleve at du har behov for å snakke om fødselen selv! Trolig i mange år fremover. Ikke nødvendig vis fordi det var så grusomt, men fordi det var en stor opplevelse.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå