Lukkeleg Skrevet 13. oktober 2008 #1 Skrevet 13. oktober 2008 For to veker sidan fødte eg ein flott gut. Frå første ri til han var ute gikk det i underkant av 6 timar. Skulle kanskje ønska at det gikk litt lenger tid (vart veldig intenst med lite ri-pauser), men alt i alt hadde eg ein flott fødsel som var mykje betre enn eg hadde venta. Eg fekk første ri kl 00.30 på natta dagen etter termin og det var ingen tvil om at det var rier. Det var vondare enn eg hadde venta at det skulle vere i starten og riene kom tettare enn eg hadde trudd dei skulle gjere. Etter to timar hadde eg rier med 2-4 min. mellomrom og ringte eg føden, men fekk beskjed om at første fødsel nok skulle ta laaang tid enno så det var berre å slappe av og ta eit bad. Eg dusja og bada og gjorde det eg kunne. Men riene varte lenger og kom tettare. I tillegg tok smertene seg veldig opp og eg blødde ein del så eg syntes ikkje det var kjekt å vere heime lenger. Det var no fire timar sidan riene starta og eg ringte føden igjen. Fekk beskjed om at eg kunne komme for ein sjekk. Bilturen tok om lag 20 min og var ikkje så kjekk. Framme på sjukehuset hadde eg intense rier og hugsar knapt at eg helste på jordmor. Hadde vondt og ba om epidural, men måtte sjølvsagt bli undersøkt først. Vart tatt inn på undersøkingsrom og fekk beskjed om at eg hadde 8 cm opning! Eg som var redd eg kanskje berre hadde 1-2 og at eg takla smertene dårleg. Vart letta over at eg hadde kome så langt, og det var veldig godt å vite at eg hadde så vondt fordi eg no var på dei verste opningsriene. Ba igjen om epidural, men fekk beskjed om at det var for seint. Så det blei lystgass og varmeflasker på meg. Hadde veldig god hjelp av lystgassen. Veit ikkje om det var gassen eller det å ha noko å halde i og som gjorde at eg fokuserte på pusten. Var himmelstor forskjell på mi oppleving av rismertene når eg klarte å slappe av og puste skikkelig langt ut og inn og dei to gongane eg mista kontroll og fekk panikk: Når eg ikkje pusta skikkelig då var smertene tusen gongar verre. Så hugs å pust laaangt ut og laangt inn under riene. For meg var det avgjerande at sambuaren min stod og sa pust ut og inn, og i det eg holdt på å trekke pusten inn for tidleg fordi det gjorde vondt var han bestemt og sa strengt, men roleg at eg klarte å puste lenger ut. Då klarte eg det og fekk slappa bedre av. Så mitt beste råd er å bruke den du har med deg til å klare å puste skikkelig. Eg rakk berre 20 min på fødestova før guten var ute... Hadde høyrt at mange sa pressriene er nesten er deilige, men trudde liksom ikkje på det. Men, for meg var dei det. Fantastisk å kunne gjere noko sjølv, då vart smertene heilt annleis. Alt i alt var fødselen mindre skremmande enn eg hadde trudd. No kosar vi oss heime med å bli kjent med den herlege guten! Lykke til til alle dokke som ventar.
lin76 Skrevet 13. oktober 2008 #2 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulera! Ser ut som me har hatt veldig samanlikbare førstefødslar, du og eg. Det MÅ ikkje ta mange døgn, tydelegvis! )
Bifrost 2 barn<3 Skrevet 13. oktober 2008 #3 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer så mye! Spennende å høre hvordan du hadde det:-) Gleder meg til det er min tur. Kos deg masse med gutten din nå da!:.-)
Gutt nr 2 i magen Skrevet 13. oktober 2008 #4 Skrevet 13. oktober 2008 Helt enig, pressriene er himmel i forhold til åpningsrier. Når man endelig får presse kjenner man jo faktisk progresjon for hvert dytt og man kjenner at babyen flytter seg. Dermed er enden nær og snar ser man gullegullet... Har temin om 6 uker med nr 2, men han kan komme når som helst pga svak livmorhals. Førstemann kom tidligere han også.
2barnsmamma77 Skrevet 13. oktober 2008 #5 Skrevet 13. oktober 2008 Var som å lese om min første fødsel.. Eg låg mye i badekaret da og hadde ikkje lystgass. Ellers var det heilt likt:) Men det var intenst ja.. litt for intenst kanskje.. Er spendt nå på nr 2. Har fått besskjed om å holde meg i nærheten av sykehuset no. Barnet festa seg i uke 31, slimproppen er gått, er nå i uke 35, så det kan i grunnen skje når som helst nå, men satser på at ho hkan holde seg der i alle fall et par uker til!
Millima Skrevet 13. oktober 2008 #6 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer så mye med gutten! Kos dere i tiden videre!
M79+♂08♥+♂12♥ Skrevet 13. oktober 2008 #7 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer så masse med den lille gutten:-)
Chidera *tobarnsmor* Skrevet 13. oktober 2008 #8 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer så mye med gutten:-)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå