lin76 Skrevet 13. oktober 2008 #1 Skrevet 13. oktober 2008 Det er ikkje sånn at igangsette fødslar MÅ vera vonde og harde og brutale! Bare sjå: Terminen min var 27. sept, men ingenting skjedde. 1.oktober, ca 6.45 om morgonen, gjekk vatnet. Først ei lita sildring langs låret, så eit splæsj, så sildring resten av dagen. Og natta... Utan ei einaste ri. Ikkje kynnerar, ei gong. Ringte sjukehuset (Ullevål), og fekk time for igongsetjing kl 9 den 2. oktober. Der er nemlig rutinen sånn at om ein går meir enn 18 timar med vatnavgang, så set dei i gong fødselen pga infeksjonsfare. 2. okt kl 9 gjorde dei CTG-måling. Babypuls fin, ingen rier. Kl 10 kom legen og sjekka situasjonen. Ho klarte såvidt å pressa to slanke damefingrar inn i opninga, men konkluderte med at eg var "lite moden", og og sette modningsgele. Ny CTG-måling rett etter geleen, men ingen rier no heller. "Gå ein tur og et skikkeleg lunsj", sa jordmora. "Mest sannsynleg må de koma tilbake i morgon, og evt i overmorgon, for ny gele sidan det er så lite på gang. Men me tar ny CTG kl 16 og sjekkar." Då sank motet! Skulle fødselen ta TRE dagar?!? Buhu! Men me gjekk ut på denne turen... og kom ca to hundre meter før den første ria. Gjekk litt vidare, ny ri. På tjue-tretti minuttar var eg oppe i nesten minuttlange rier med få minutt mellom. Me nådde aldri kafeen me skulle ha lunsj på - eg orka ikkje gå så langt (800m, maks). I staden hasta eg inn på ein tilfeldig sjukehusbygning og spydde som ein gris på toalettet der - på det eg etterpå såg var avdeling for spiseforstyrrelsar... ;o) Kom tilbake på venterommet, med tett-tette rier, pusta og peste og jobba, og tenkte at "no er det i alle fall noko på gang her, så håpar det er skikkelege rier, ikkje bare mas" (har ikkje hatt modningsrier, så visste ikkje kor vonde riene skulle bli). Ein halvtime seinare måtte sambuaren min henta lege/jordmor. Begge kom og blei rimeleg stressa. Fødsel! Treng føderom! Shit! Nytt kvarter, inn på fødestova, jordmora sjekka og fann 7 cm opning. Hurra! Ny halvtime, så kom pressetrongen. "Eg må bæsje!", sa eg, uerfaren som eg jo var. "Hehe, det betyr bare at babyen er på veg", sa jordmora, og så fekk eg begynna å pressa. Ein-to-tre-fire skikkelege pressrier med maks innsats og eit par minuttars kvile mellom, og så var hovudet i opninga. "Neste press gir du alt du har og litt til, så kjem babyen", sa jordmora. Og fekk rett! Heile guten kom i eitt einaste langt stykke, på ei einaste ri. 3410 gram, 51cm, 36cm rundt hovudet (32-38 er vanleg). Då var klokka 15.53, og det hadde gått ca fem timar sidan første skikkelege ri. Eg fekk inga form for smertelindring, og ikkje så mykje som ei bittelita rift - så flink var jordmora å halda imot. Drømmefødsel! Så alle som er redde for å bli satt i gong: Ikkje ver det! Det kan liksågodt bli ei heilt super oppleving, som mi! Tre tips, bare: PUST og PUST og PUST! Så djupt og tungt og tungt du bare klarar, heile fødselen, mens du prøver å slappa mest mogleg av i kjeven. Det er ikkje så lett, for det gjer jo vondt, så klart - men eg fekk masse skryt for at eg prøvde heile tida, og jordmora sa at det var derfor eg fekk ein så lett fødsel. 2) Gå, eller heng i oppreist stilling over sengekant/saccosekk/partner så lenge du klarar - det gjer også fødselen raskare og lettare. 3) Stol på jordmora! Mi var heilt fantastisk, sa akkurat kva som var lurast å gjera til ei kvar tid. "Nå syns eg du skal prøva denne stillinga", og "nå skal du pressa akkurat på den og den måten, så blir det ikkje rifter". Dei fleste jordmødrene er superflinke, så det er bare å gi seg hen til deira ekspertise. LUKKE TIL, folkens - det kan vera KJEKT å føda også! )
Otilia *FØDEKLAR* ♡ Skrevet 13. oktober 2008 #2 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer;) Og kjempeflott fortalt!!
Sina med Sprellings Skrevet 13. oktober 2008 #3 Skrevet 13. oktober 2008 Så bra! Gratulerer med drømmefødsel og gutten din:)
Chidera *tobarnsmor* Skrevet 13. oktober 2008 #4 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer så mye med gutten og en fin fødsel:-)
chri Skrevet 13. oktober 2008 #5 Skrevet 13. oktober 2008 Gratulerer så mye! Deilig å høre om en fin fødsel endelig:-)
M79+♂08♥+♂12♥ Skrevet 14. oktober 2008 #7 Skrevet 14. oktober 2008 Å så herlig! Gratulerer så masse:-)
Gjest Skrevet 14. oktober 2008 #8 Skrevet 14. oktober 2008 Godt à lese slike innlegg som dette her, nà som jeg blir satt i gang selv :-) Men hva med epidural? Flere som blir satt i gang sier det er sà intenst og vondt, fordi det ofte gàr sà fort. Sà hvorfor fàr de ikke epidural? Er det fordi det gàr for fort da eller? *Gruble gruble*
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå