Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Søndag 5.oktober kom lilleguten vår!:) Han var 50cm lang og vog 3460g.

Det var 6dagar over ul-termin og 1dag over menstermin.

Laurdag morgon, i 8-9tida, begynte eg å kjenne regelmessige smårier. Dei var ikkje vonde, men slik at eg måtte anstrenge meg for å slappe av. I 3-4tida på dagen vart dei litt sterkare, så vi fann ut at vi skulle ringe føden. Dei ba meg kome inn for å skjekke om fødselen var i gang. Vi kom til fødeavdelinga i 5-6tida og fekk konstatert 3-4cm opning.

Det var stille og roleg på fødeavdelinga, så vi fikk ei fødestove der vi kunne slappe av og vente på at det skulle skje noke meir. Vi gikk inn i "daglegstova" for å sjå litt på tv og få i oss mat. Etter det gikk vi inn på romet vårt igjen for å slappe av. Riene var begynt å bli slik at eg måtte puste meg gjennom dei. Då vi spurde jordmor og det var noken som sat akupunktur der, så måtte ho beklage, for ho det var det ikkje då. Sambuaren min laga til eit varmt og godt bad til meg, slik at eg skulle få slappa betre av. Fekk "opplæring" i lystgass, det hjalp på.

Rundt kl.11 kom jordmor og tok vatnet, då vart riene straks vondndare. Litt etter det var det vaktskifte, og det kom ei ny jordmor for å helse på. Riene begynte å kome bråare på, slik at eg ikkje fikk ein såkalla forvarsel som eg hadde fått tidlegare. Dette gjor at lystgassen ikkje fungerte. Den nye jordmora kom innom igjen, og spurde om eg ville prøve akupunktur, hehe, eg hadde aldri høyrt ei så nydeleg setning før;) Kort tid etter at dei 6nålene var satt gikk riene betre igjen.

Kl.:00:30 hadde eg 9,5cm opning og begynte å kjenne pressrier..18min etterpå var ungen ute!:D

Fødselen gikk kjapt og var ikkje vond, samanlikna med kva eg hadde forestilt meg. Hadde kun revna så vidt, så det vart 7sting totalt på 3forskjellege plassar.

Ungen oppfører seg eksemplarisk og forma mi var fin!

Til alle førstegangs: det treng ikkje nødvendigvis vere så ille som ein trur, men forvent det verste, så går det nok betre;) Og så vil eg anbefale akupunktur!:)

Gratulerer til alle som har fødd, og lykke til til resten!:)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Gratulerer så mye med gutten din:-)

Skrevet

Gratulerer så masse:-)

Skrevet

Hvor fødte du hen? Hvilket sykehus altså..? =)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...