Gå til innhold

Kva er dette? Kynnere? Rier?


Anbefalte innlegg

Skrevet

I går når la eg meg forholdsvis seint(halv1), og var dødstrøtt. Sovna fort, og sov som ein unge! ...i allefall fram til 3 - halv 4 tida. Då vakna eg av ubehag i korsryggen og såkalla mensmurringar i magen.

Magen vart hard, omtrent som når eg vanlegvis har kynnerar, men i staden for å vare lenge slik som dei pleier å bli (på meg i allefall), så gav dei seg etter ei lita stund (1minutt eller 2 kanskje, skjekka ikkje varigheita). Syntest det var så mange slike samantrekningar, så for å ha noke å gjere (fikk ikkje sove, pga ubehag) tok eg tida mellom 3 av dei, dei kom med 4minutts mellomrom.

Eg tenkte at det var litt pussig, men la meg til for å prøve å sove. Det gikk ikkje. Eg var veldig trøtt, så er litt vanskeleg å vere sikker, men eg syntest det vart meir ubehageleg og gikk over til milde smerter i korsryggen og sterkare murringar. Uansett kva sovestilling eg prøvde, så var det like ubehageleg.

Etter ei stund med misslykka soving gav eg litt opp, og tenkte å ta tida igjen (klokka var rundt 4). Då kom dei med ca 4min mellomrom, men det kunne variere frå 3-6minutt, som oftast var det 4min mellom. Tok då tida på dei i 3kvarter. På dette tidspunktet må det ha blitt verre enn då eg først vakna, for no var det ikkje ubehageleg, det var vondt.

Så bestemte eg meg på ny for å prøve å sove og laga meg ei varmeflaske, for å prøve å lindre smertene. Fikk kvilt litt, men ikkje sove. Halv 6 gikk eg og tok ein dusj. Det hjalp mot smertene. Etter ein laaang dusj gikk eg til sengs igjen. No var det ikkje så gale "vondter" lenger og sidan eg var så trøtt, så sovna eg.

Sto opp litt over kl.10, og no kjenner eg kun litt uregelmessige samantrekningar men lite ubehag (kun av og til).

 

Kva var dette? Er det modning? Er det kynnerar eller rier? Kvifor "forsvann" dei? Er det noken med liknande erfaringar?

 

Beklager at det vart langt, men tenkte at det kanskje var lettare for andre å kjenne seg igjen om det var litt grundig gjennomgått. Håpar verkeleg på svar!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Høres veldig ut som modning/latensfasen i en fødsel, vel? Det er bare det at den kan vare lenge. Fra første runde med sånne rier (ev kynnere som er veldig kraftige, lurerier el) kan det fortsatt gå dager eller uker før fødselen virkelig er i gang. Eller bare timer. Det er det som er så frustrerende, synes jeg:-( Nå er det ti dager siden jeg hadde min første runde med sånne, uten at noe mer har skjedd - og det er visst slett ikke unormalt. Mens andre knapt kjenner noe sånt før det er fødselen som er i gang på ordentlig.

 

Ellers, om forskjellen på rier og kynnere: Tror det gjelder som rier hvis de stadig er vonde og fortsetter uavhengig av om du feks endrer stilling (står opp på natta). Men altså: kan ha rier som gir seg i flere omganger før fødselen starter på ordentlig.

 

Håper du slipper for mange sånne runder før det er 'the real thing'!

Skrevet

Tusen, tusen takk for svar!!:)

Får håpe på at det begynner å skje noke skikkeleg snar då! Er lei av stor mage som ikkje får lov å reise til fjells:P

Du får ha lykke til! Spesielt sidan du hadde det sånn for ti dagar sia. :)

Skrevet

Kjenner meg att. Hadde to slike netter (ca 3døgn i mellom) før eg fødte 11 dagar før termin! Fekk bekrefta av JM at dette hadde vore modningsrier og dei kjendes akkurat slik du beskreiv.... Lykke til! Muligens er det ikkje så lenge igjen for deg! Du skulle føde på Eid sant? Berre å glede seg! Fantastisk dyktig og kjekk gjeng som jobbar der! Får full oppvartning vettu... hehe...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...