Gjest Skrevet 7. september 2008 #1 Skrevet 7. september 2008 Vil gjerne ha innspel frå så mange som muleg! Eg har nemleg inntrykk av at "alle" er slitne og føler seg store og tunge. Er det noken som føler seg i skikkelig god form? Føler meg litt ensom nemleg... Einaste er at eg søve litt dårleg somme netter, og derfor ligge til sengs ganske lenge (gjerne fram mot kl.12) Foruten om det føler eg meg sprek som ein fole! Må jo ta pausar og slik oftare enn normalt, men det er snakk om nokre minutt og så er det greit. Har ikkje problem med pusten (anna enn om eg går i oppoverbakkar og somme gongar når eg skal sove pga spark mot lungene). I dag har eg både spadd torv, flytta store steinar, bært tunge sekkar med jord og kan springe korte distansar uten problem (har dårleg kondis, så lange distansar har alltid vore uaktuelt:P) Jodå, har no dårlege dagar og av og til, men føler meg liksom så uttafor... Tør nesten ikkje seie til folk kor lenge det er til termin(22dagar), fordi dei då ser rart på meg (har ikkje spesielt stor mage sånn synsmessig og kan fortsatt gjere det meste).
lin76 Skrevet 7. september 2008 #2 Skrevet 7. september 2008 Eg er også i kjempeform, 19-20 dagar før termin! I helga har eg vaska tak, vegger, golv og porselen på badet, malt eit par vegger, rydda masse skrot og skrammel ut av eitt rom og stua det vekk i boda sju etasjar ned, vaska ned også det rommet, montert ny innmat i eit par ikeaskap (inkl inn og ut av ting som var der frå før), vaska og skurt alle frontar på kjøkkenet, og elles rydda og ordna i resten av leiligheten. Dessutan styrketrening på Sats, pluss eit par mange-kilometers turar. I morgon blir det vinduspuss i alle rom, pluss meir klesvask. Syns det er topp, eg, å sleppa alle desse plagene folk klagar over! Har også heile tida fått høyra at eg har så enormt liten mage, men det trur eg er mest fordi eg er såpass høg (177) at han liksom ikkje blir så stor i forhold til resten av meg. Praktisk å ikkje vera så framtung! Me er heldige, Småtroll, og det tippar eg det er fleire som er, også. Men kanskje ikkje flest av dei som skriv lange innlegg på bim, om du ser kva eg meiner? Lukke til vidare!
heldigesnart4barnsmamma Skrevet 7. september 2008 #3 Skrevet 7. september 2008 Hehe...kjenner meg litt igjen ja. Største "problemet" mitt er utålmodigheita.... men har absolutt ingen grunn til å klage. Er frisk og rask, om enn alt tar litt lenger tid enn før, men tid har eg jo virkelig nok av no som eg er gått ut i permisjon... Dagane fyke, kun 12 dagar til termin. I dag har det vore nyyyyydelig veir og eg har løda ved, gått tur, klipt plenen og plukka plommer. Er også veeeeldig sosial for tiden ;o)
Rampegutt08+Bøllefrø12 Skrevet 7. september 2008 #4 Skrevet 7. september 2008 Heisann;) Flott og se at det enda er noen som er i bra form;) Jeg har 28 dager igjen til termin og koser meg enda supermasse med graviditeten;) Eneste er at ryggen er vond pga. nerve som ligger i klem, men ellers er alt flott-flott! Jeg vasker og hærjer, har malt masse i sommer og virkelig trådd til og det har gått bra:) Vil ikke være helt handikappet bare pga. jeg har et barn i magen.. Men nå er ikke jeg den mest hysteriske på det området med at man ikke skal ditt og datt heller da..
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå