Gå til innhold

Tilbehør til vogn..


Anonym bruker

Anbefalte innlegg

Har plutseleg begynt å stusse... kva har ein i vogna? (termin i slutten av sept.)

Har ein voksipose og ein lammeskinnspose (låning og arv beggedelar). (har ikkje tenkt å bruke beggedelar samtidig såklart:P) Men, er det greit å ha dyne/pute i tilegg(enten til å ha over posen eller å bruke i seg sjølv)? Veit ikkje kva som er gunstig å brukt til forskjellege typar veir...

Kva er varmast av ein voksipose og ein lammeskinnspose? Kva passar best til kva veir?

Blir det for heitt å bruke ein av delene når det er fint veir?

:S

 

Kvifor kjem slike rare spørmål opp i hovudet no??:P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Hehe, kjenner meg igjen i dette!

 

Har også arva ein lammeskinnspose, faktisk den både eg og bror min låg i då me var små. Kos! Ifølge mor pleide ho ha eit tynt bomullsteppe inni, inntil huden, og lite klede på oss utover det, også når det var surt og kaldt. Men ein må jo sjå veret litt an. Eg vaks opp på ein ganske mild plass på Vestlandet, medan ungen min kjem til å veksa opp i Oslo, kor det kan bli skikkelege minusgrader - då må eg jo ha meir klede på i tillegg til fleire teppe inni posen. Men ull er bra uansett!

 

Trur ikkje ein brukar ullpose når det er sommar og varmt. Voksipose veit eg ikkje, men neppe det heller. Kanskje heller ei lett dyne med eller utan tepper då?

 

Men dette veit eg ikkje så mykje om - kanskje nokon andre gjer?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Eg venter nr.2 og kan i alle fall seie at pute har du ikkje bruk for hverken i vogna eller i senga. Eg hadde dyne i vogna til fyrste mann, men det vil eg ikkje anbefale, den berre sklir av slik at det ikkje blir tett nok. Då ville eg nok heller ha brukt ein voksipose/lammeskinnspose som er tett! Men det kjem jo sjølvsagt ann på vogna dersom du har ein bag så kan du jo ha dyne, men kjøp ein som er stor nok i alle fall. Me kjem jo til å ha små nurk ute i haust/vinterkulda medan dei er minst. Ull er fantastisk! Det pustar, men kan ta litt lang tid før det tørkar etter at det er blitt vått. Flis held varmen nesten like bra som ull men bruker mykje kortare tid på å tørke.

 

Lykke til med fødselen og valg av tilbehør, eg har akkurat begynt permisjonen sjølv. Gler meg til å få kroppen min for meg sjølv att. HIHI.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...