sommermamma08 Skrevet 22. august 2008 #1 Skrevet 22. august 2008 Tenkte eg skulle fortelle om fødselen til min gutt den 20.juli! =) Det heile starta lørdag 19.juli ca kl.0600 om morgonen. Eg vakna å kjende at vatnet måtte ha gått, sidan det var vått i senga og eg ikkje har for vane å tisse meg ut! Røyste meg frå senga, og det rann.. Ingen tvil altså.. Sidan hovudet til babyen var festa gjekk eg på do før eg la meg litt att. Kl. 9 stod eg opp å fortalde mannen min at vatnet var gått, han vart skikkeleg overraska og ansiktsutrykket kan ikkje beskrivast! Ringde føden som bad meg komme inn til kvelden dersom ikkje noko anna skjedde før den tid.. Det gjorde det ikkje, kom berre litt vatn ut i ny og ne.. Så eg sov ein god middag og lada batteria til kvelden. Redd var eg ikkje, sjølv om dette var mitt første barn.. Spennande! Vi reiste inn til Førde sentralsjukehus rundt kl halv 8 på kvelden, tok scanning som viste aktivitet i magen, men ingen kynnarar eller rier så her var det lite å gjere. Fekk beskjed om å reise heim å komme igjen morgonen etter om ikkje anna skjedde utover natta. Vi gjekk ut i bilen igjen, slappa av litt før eg kjende eg begynte å få ryggsmerter i form av murringar. Vi gjekk så inn på sjukehuset igjen og denne gangen fekk vi beskjed om å halde oss i området eller vere inne på sjukehuset. Vi tok oss ein tur ned til sentrum og smertene vart verre og verre (ca 1 min mellom kvar), ingen tvil om at noko var på gang. Vi reiste opp igjen på sjukehuset og no fekk vi fødestove.. Då var klokka rundt 21.30.. Vi venta og venta, riene kom tettare og tettare og vart naturleg nok vondare og, men ikkje verre enn at dei gjekk an å leve med! Eg la meg i senga med kjolen min og alt på meg, eg ville ikkje føde i ei skjorte! Så gjekk det endå ei stund til med rier før jordmora sjekka opningen, 7 cm! Etter kvart begynte det å bli ganske vondt, og berre pusten åleine kunne ikkje lindre smertene, så eg ville ha noko smertestillande. Fekk då lystgass som tok smertetoppane og gjorde meg ganske så susen! (alt det rare ein seie når ein e rusa...uffameg.. hehe!!) Deretter kom pressriene, som overhodet ikkje var vonde i det heile tatt noko anna enn det eg hadde forventa.. Babyen var på vei nedover og for å vere ærlig følte eg mest for å gå på do! Etter ein del pressing og litt rivning (som eg ikkje fekk med meg i det heilte tatt) stod hovudet i åpningen og eg miste ria mi.. då sprengte det på kan ein seie.. Likevel når neste rie kom visste eg at han ville komme ut og det gjorde han Då var klokka 03.11 på natta den 20.juli! Verdens nydlegaste lille gutt, 3556 gram, 52 cm og 35 cm hovudomkrets. Eg og min mann sitt første barn, fødd 9 dagar før termin! Han har fått namnet Levi Heilt fantastisk opplevelse, gleder meg skikkelig til neste gang!
litlemor Skrevet 22. august 2008 #2 Skrevet 22. august 2008 Så nydeleg historie, gratulerer! Du er nok eit skikkeleg fødetalent! : ) Håper alt går vel med dykk framover!
Chidera *tobarnsmor* Skrevet 22. august 2008 #3 Skrevet 22. august 2008 Gratulerer så mye med lille Levi!
umpa lumpa Skrevet 22. august 2008 #5 Skrevet 22. august 2008 det er så godt å lese slike historier:-)
82glad Skrevet 22. august 2008 #6 Skrevet 22. august 2008 Gratulerer så mye:) høres ut som en fin fødsel..
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå