Anonym bruker Skrevet 25. juli 2008 #1 Skrevet 25. juli 2008 Faren min fyller 60 i morgen og jeg trenger noe å skrive på kortet.. Hadde vært fint om noen kunne et fint dikt som jeg kan skrive til han..! :-) Håper noen har noe bra..
Espoir Skrevet 25. juli 2008 #2 Skrevet 25. juli 2008 Hmmm, vanskelig. Dette er kanskje egentlig et kjærlighetsdikt, men passer kanskje litt på en pappa også? Dikta og bygda del 3 Tilbake til side 1 Ein slik ekskursjon gjennom Olav H. Hauge sitt rike kan ikkje få fram "heile sanningi", men berre "eit glimt, ei dogg, eit fjom" av alle dei tankar og fasettar livet, lesinga og dikta hans rommar. Men det kan vera med på å knyta opplevinga av nokre Haugedikt til den bygda og den naturen han hadde kring seg. Hauge sa ein gong om Aasmund Olavson Vinje at i andre omgjevnader, ville han ha vorte ein heilt annan Vinje. Hauge slik me kjenner han, ville og ha vore utenkjeleg dersom han ikkje hadde site oppe på Rossvoll og sett utover verda. Og sjølv om han budde på denne flekken heile sitt liv, så har han enno uroa i seg: HER HAR EG BUTT Her har eg butt meir enn ein mannnsalder. År med vind og stjernor i høg rigg har siglt framum. Tre og fuglar har slege seg til her, men eg har ikkje roa meg. Olav H. Hauge var gartnar og diktar. Han blir ofte kalla "gartnaren i norsk lyrikk". Svært mykje av det han skriv om, får sitt tilfang frå blomar og tre. Og på vandring i Hauge sitt univers kjem me ikkje utanom diktet "Gartnaren drøymer". Det er frå den fyrste samlinga (Glør i oska" 1946). Diktet er ein oktav. Det er ikkje av dei lettaste å lesa. Difor tek eg det med her mot slutten av dette diktutvalet. Forma ber og preg av at dette er av Olav H. Hauge si tidlege dikting. Men det er likevel eit av dei vakraste og mest sentrale dikta han har skrive. GARTNAREN DRØYMER I heggekruna sumarvinden blikar og stryk i villvin kringum kyrkjeglòs. Ved veggen lyfter blomar upp sin bekar; det skin i kross og stein og krota lås når soli gjenom op i trei stikar, innunder gjeng det ein og rakar tros. Det er ein gartnar berre med ei rive, men stundom tek hans draumar til å svive. Han stoggar, - ser kor fivreld kvimar imillom skeive krossar frå og til. Han elskar slike blåe gylne timar, og gløymer denne verdi kjem han ved,- då kyrkjeklokka brått og ljodsterkt kimar og skardhøgg vilt og vreidt all dagdrøymd fred. For liv og daude, kved ho, lyt eg syrgja; og du i dag er kalla dit du byrja. Dei skrinne fjelli kringum fjordagryta stikk grimone i djupet rundt ein svord av jordgrønt. Å, me hyser under yta ein hungrig draum um livsens gildebord, men lyt til om av gravferdsklokker bryta vårt brød og drikka leskedrykken or. Kor ofte hende det dei song til kvile ein som hadde sigersmilet? So er du komen dit du skulde, arming. Og grådig auremakk er ikkje sein å gjera gjestebod på slik forbarming og grev din skalle og kvar pipe rein. No ingen etterkomar med si larming vil vekkja deg um yver dine bein han køyrer plogen, steinlegg eller støyper. Og dagar fåfengt regn og soleld drøyper. Mot blåe ævor attum grådags trengsle trår sjeli sorgal yver livsens grav. Kvi syng du, fugl? Er ogso du i stengsle og bunden i den ham som livet gav? Og blomen, som slær ut i eldraud lengsle, er han ein draum frå fyrste celle av? Frå vatn til jord og luft seg livet breider, og vil ha englevenger fyrr det tegjer. Me gjeng og drøymer. Ungdomsørskne trår me mot dulde hildreheimar. Kvitna stend me att ein dag og veit at færre timar får me å fylla meir med tvil og vågal vend. Um våre livsmål glepp, til gravi når me, og klokka helsar velkomne frå grend til daudninglaget under stav og stytte. Tri spòdor jord. Og me er vel forsytte. Me gløymer elsk og arbeid, kvardagshuggen, for fjerre draumar dreg oss som i tog. Vår liv er berre gråe armodsskuggen mot gudelivet som vårt auga såg då æva i ein gråblenk skauv frå gluggen og viste oss kvar lukkelandet låg. Og livet vert ein draum - ei geil som blenkjer mot venleikshimlar som vår jordskuld krenkjer. (av Olav H. Hauge): DU VAR VINDEN Eg er ein båt utan vind. Du var vinden. Var det den leidi eg skulde? Kven spør etter leidi når ein har slik vind!
Espoir Skrevet 25. juli 2008 #3 Skrevet 25. juli 2008 Oj, her kom det alt for mye med. Jeg mente bare å legge inn det siste diktet, "Du var vinden".
Anonym bruker Skrevet 25. juli 2008 #4 Skrevet 25. juli 2008 Ingen flere som har noe som passer...? HI
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå