Gjest Skrevet 7. juli 2008 #1 Skrevet 7. juli 2008 Hei! Eg har litt spørsmål til alle dykk kloke (vordande)mødre her i landet. (legger dette ut på 3.tri og skravle, men svar om du trur du kan hjelpe på nokon måte:) Vi får ein liten krabat i september/okrotber, og lurer på litt praktiske ting: Lammeskinnspose i vogna,treng ein noko meir då (tepper,dyne++)? Har vogner ein kjøper madrass? Vippestol, lammeskinn/teppe til å ligge på på golvet, leikegrind.. Treng ein alt dette, eller er ein av delane nok? (har elastisk bæresjal frå før, og tenker på å ha teppe/skinn på golvet) Seng til nyfødd, kva skal vi velge? Har tenkt på vugge i tre, vugge som heng i taket eller ei seng som står inntil vår seng, som gjer det enkelt med amming og slikt. Noken som har tips? Spesielt den siste typen veit eg lite om, noken som veit om nettsider med slik seng? (meinar eg fann ei på nett ein gong) Sprinkelseng, når er det vaneleg å begynne med det? Tøybleier (som vi har lyst å prøve), kor mange treng ein? Kva treng ein uten om sjølve bleia? Og kva bleietype vil du anbefale (formsydde, brettebleier osv)? Bilstol; noken som har erfaring med å leige dette frå biltilsynet (eller kven ein no kan låne av), for så å kjøpe eit når ungen har blitt større? Eller er der bra bilseter som ein kan bruke lenge (nyfødd - nokre år)? Vask og stell av babyen, kor ofte bade babyen? Kva har ein i badevatnet (shampoo, olje..)? Kor lenge varar eit bad? 5min, 10min, meir? Vatnet blir jo kaldare..? Kvar får ein kjøpt, og ca kor mykje kostar slike "stellematter" som ein ofte finn på offentlege stellerom og slikt (slike som kan ligge på ein benk, på golv eller på noko anna)? Kor stor dyne bør ein ha i babysenga? Er det greit å starte med den nest minste størrelsen, slik at ein slepp byte dyne så fort? Og kor mange sengesett er det lurt å ha? De som brukar lammeskinn i senga, har de vaneleg madrass med laken på under? Korleis er det å bruke dyner, madrass o.l. som har blitt brukt av ei som no er 7år (søskenebarnet til ungen som kjem)? Er det fy,fy? Og kva dyetype er "best" (bomull, dun, kunstfiber..)? Kom gjerne med praktiske tips om du har nokon! Muleg er det fleire enn vår familie som kan ha nytte av det:) Hmm...dette var det eg kom på i farta, men det kjem nok fleire spørsmål etter kvart:P (Tenkte det var lurt å finne ut av slike ting no, for då kan vi lettare ynskje oss ting til bursdagane våre, som begynner å nærme seg;)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå