Gå til innhold

Vi fekk ein gut


Anbefalte innlegg

Skrevet

Den 29. mai kom babyen vår til verden på keisarleg vis tolv dagar over termin. Han var berre 2,4 kg og 47 cm, men ein skikkeleg spreking. Fekk toppscore.

 

Vi var på overtidskontroll då det vart oppdaga at det var heilt tomt for fostervatn. I tillegg var han endå mindre enn dei først hadde estimert. Dermed bar det til føden. Det tok berre drøye tre timer frå eg vart innlagt til han var komen til verda med akutt keisersnitt.

 

Fostervatnet vart først tatt (der kom selvfølgelig ingenting), og so blei eg tøyd til 4 cm åpning då lillemann skulle ha ein "sonde" på hovudet. Vi vart kobla på eit slags EKG apparat som fulgte rieaktivitet, barnet, meg osv. Etter ei tid fekk eg drypp for å få i gong rier, men dette stressa barnet litt, so då var det tryggast med keisersnitt, då det kan bli for hardt for navlestrengen, morkaka og ikkje minst eit so lite barn med ein evt langdryg fødsel. Det tok 20 minutt fra det vart bestemt at keisersnitt var det beste - til han var ute.

 

Eg fekk spinalbedøving, so sidan eg var vaken, fekk far bli med. Jordmora eg hadde var fantastisk flink, so vi hadde ei veldig fin oppleving! Eg fekk guten rett til meg med ein gong han var ute, og han sette i gong med å sutte på nasen min. Utruleg moro. So tok dei han med for tørking, veging osv. Far var med. Då dei var ferdige kom dei til meg på intensiven. Dette takka vere våre snille og dyktige jordmor!

 

Vi var fire dagar på sjukehuset før vi fekk reise heim. Han er jo selvfølgelig verdens skjønnaste då!! Og han veks og legg på seg som berre det! No er han alt innanfor normalen.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Gratulerer så mye med gutten!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...