Gjest Skrevet 12. mai 2008 #1 Skrevet 12. mai 2008 No er det ikkje mange dagane til 17.mai! Eg gledar meg, og til alt hell ser det ut som om bunaden kjem til å passe fint no og;) Ute er det strålande veir, masse fuglar og meir sommar enn vår! I dag tidleg etter at vekkerklokka var skrudd av, kjende eg ein liten krabat som sparka og tydelegvis ville at no skulle eg stå opp og ete litt mat:) For ein herleg følelse å vakne til! Etter frukost sat eg meg på dataen, og fann ut at eg skulle gi meg lov til å finne litt fine ting til den lille som er på veg, så no kosar eg meg på diverse nettsider med masse fint:) Og då eg skjekka på "Din Egen Side" fann eg ut at første dag av sommarferien har eg 100dagar igjen;) Og då vart det plutseleg ikkje så mange dagane igjen av skuleåret. Å, gledar meg til ferie! Om hummøret mitt skulle vedvare heile dage, så trur eg jammen det at eg skal ringe å prate med mamma, og kanskje avsløre kva kjønn barnebarnet hinna får;) Nyt dagen jenter! Hugs at den varer berre i dag!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå