Gå til innhold

Endeleg kom veslejenta vår! (Kjempefødsel:))


Anbefalte innlegg

Skrevet

16. april kom det ei supersøt jente til oss!

Hadde termin 9. april, og var svært klar då datoen kom. Den gjekk sjølvsagt utan at noko skjedde, men frå den dagen hadde eg mykje menssmerter og kynnarar.

 

16. april skulle eg bli mamma for andre gong.

 

Kl. 5.00: Vakna då vatnet gjekk. Litt blod og slim kom også. Var berre litt og litt vatn som kom.

Gjekk å la meg igjen, då eg ville spara på kreftene:) Sov ikkje akkurat noko særleg og kjente etterkvart at riene kom. Me ville reise på sjukehuset kjapt sidan opningsriene på fyrste fødsel gjekk veldig fort.

 

Kl. 7.00: Sonen vår vakna og eg kjenner at riene er VONDE. Prøvde å unngå at guten vår skulle skjønne at eg hadde veldig vondt.

 

Kl 7.30: "Pappa, du køyrer fort i dag!" Me køyrer guten vår på tre år til barnehagen og eg er utrulig glad for at me har sjukehus 5 min. heimanfrå... Sitte i bilen og ventar, og kjenner at dette kjem til å gå fort.

 

Litt før 8.00: Kjem til Føden. Me ventar i stova medan dei gjer ferdig rapporten.

 

Litt etter 8.00: Eg ser eit kjent fjes i døra. Samme flinke jordmor som eg hadde med guten tre år tidlegare. Det kjendes kjempetrygt! Ho undersøker meg og eg har 5 cm opning. Ho skjønar også at dette kjem til å gå fort. Ho og mannen min er hos meg heile tida. Eg ligg i senga, får CTG og baby har det supert. Min fyrste fødsel vart ganske traumatisk fordi han satt fast og vart tatt med sugekopp etter 2 timar pressrier. Eg hadde difor kvidd meg mykje til dette. Var no skikkeleg fokusert på at eg ikkje måtte bli utmatta til pressriene og klarte å slappa godt av mellom riene. Tenkte at eg måtte gjennom denne jobben:)

 

Kl.9.20: Kjenner at pressetrangen kjem. Blir undersøkt og kan starta pressinga! Riene kjem med ganske lange mellomrom, men er gode. Får beskjed om at babyen kjem lenger og lenger for kvar rie og dette er motiverande. Ved nest siste rie står hovud i opning og så stoppar ria. JÆVLIG VONDT!! Både barnepleiar, jordmor og pappaen gir klar beskjed om at eg ikkje må presse, og det føles som om eg skal sprenga! Klarar likevel å venta.

 

Kl.9.40: Jenta vår er ute!!

 

Halvtime seinare kjem morkaka, og dette synst eg er pyton og vondt akkurat som med fyrste fødsel. Vil ikkje heilt ut sjølv og det blir mykje trykking på magen min osb. Den er ikkje heilt heil og eg måtte operera ut restar to dagar seinare. Veldig glad dei fekk sjekka dette med ul før eg reiste ut altså!

 

Jenta var 3620 g, 51 cm og 36 cm rundt hovud. Me har endeleg funne ut at namnet blir Agnes!

Eg klarte fødsel utan smertestillande. Måtte sy eitt sting.

Er utrulig glad og stolt over meg sjølv. Hadde kvidd meg så grusomt mykje og det gjekk så utrulig mykje betre enn det eg hadde førestilt meg!!

No er me heime og nyte vårsola. Storebroren er veldig stolt, enn så lenge:)

 

TUSEN TAKK FOR MND EG HAR VORE HER, OG LUKKE TIL ALLE SAMAN!!!!!!

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Gratulerer med en liten jente:-)

Kan nesten ikke vente til min fødsel! Og det er alt for lenge til!!!

Skrevet

Gratulere med nr to og lykke til videre. Og takk for at du delte historien din.. alltid kjekt å lese om andres fødsler!

Skrevet

Gratulerer!!

Skrevet

Gratulerer så mye! ;D

Skrevet

Gratulerer så masse!!!! så fint det låt! kjempe fint navn!

Skrevet

Sukk, gleder meg til det er min tur ;)

Gratulerer masse med den lille jenta, nyt tida dere har foran dere nå :)

Skrevet

Gratulerer med Agnes :-) Fint namn - og for ein flott fødsel!! Håpar at jenta mi kjem til verda på ein like flott måte i mai :-D

Skrevet

Masse gratulerer.

Skrevet

Høyres ut som ein flott fødsel! Og så nydeleg eit namn!

Gratulere med vetlejenta!

Skrevet

Gratulerer så mye med jenta di!

Kos dere i vår solen.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...