mto2 Skrevet 22. april 2008 #1 Skrevet 22. april 2008 18.april, 9 dagar over termin kom ei nydeleg jente. 4 timar frå eg vakna av det eg trudde var ein vond kynnar, men som fort viste seg å vere rie sidan det kom fleire etter kvarandre. Eg vekte sambo som ikkje skjønte så veldig mykje før han fekk vakna litt og spurte om vi hadde dårleg tid. Etter å ha snakka med føden, pakka siste resten av bagen og tatt ut søppla (kjedeleg å komme heim til lukta av søppel....), reiste vi til føden. Det hadde då gått ca 40 min frå eg vakna og riene kom med ca 2 min mellomrom. Vel inne på føden auka det på. Eg prøvde akupunktur og steriltvannspapler (skjønner at det kallast hvepsestikk!!!), men følte ikkje det hjalp så veldig, men vanskeleg å seie fordi riene auka på så raskt. Prøvde så lystgass, og den vart min veldig gode venn resten av fødselen. Hadde gangsperre i armen dagen etterpå fordi eg tviheldt på maska Heile fødselen gjekk veldig bra. Eg vart klipt litt, og revna litt så eg kan framlies ikkje sitte beint på ein stol, men det er verdt det. Fødslen var ei fantastisk oppleving! Vondt, men det er absolutt verdt det.Lykke til alle dåke som skal til. Vi snakkast på DIB.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå