Gjest Skrevet 10. april 2008 #1 Skrevet 10. april 2008 Hei! No har eg kosa meg med å lese oppskrifter og komentarar på korleis resultata har vore. Så etter å ha notert ned ein del av desse, tenkte eg at eg kunne kome med ei oppskrift som eg har fått i frå mamma. Den er frisk og god i smak, men ein må bruke rikeleg med epler. Skal vere MASSE epler med deig innimellom;) Det er i allefall sånn eg likar den. Eplekake: 250 g sukker \visp til eggedosis 2 egg / 1/1,5dl mjølk \Smelt og ha i melka 110 g smør /bland så opp i eggedosisen 200 g mjøl \ 2 ts bakepulver > Ha så i alt det tørre 1 ts vaniljesukker / x stk Epler > skal skrellast og skjerast i båtar (eller ringar om ein ønsker det) Sukker og kanel til strø 175-200grader, nederste rille Total steiketid er 45-60 min. Slå ned til 160grader etter 30 min. (kan variere frå omn til omn). Passar i springform med diameter 26cm. I langpanne: dobbel oppskrift, bruk meir mjølk og mindre sukker. Av erfaring synest eg friske epler (med kraftig eller litt syrleg smak) er best, fordi ein får kontrasten til det søte.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå