Gå til innhold

Treng tips for å piffe opp badet!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Har grå fliser på golvet og lysegrå baderomsplater på veggane. Baderomsinnredninga er kvit.

Badet er med andre ord skikkeleg kjedeleg og litt for mørkt.

Tenkte å kjøpe inn bilder, korger, handkle, baderomsmatte, såpeholder osv. i litt friske fargar for å få opp stemninga. Noko som har ide om kva eg kan gjere?

Badet har eit hjørne med dusj og eit med boblekar og er stort og romsleg.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Oransje innslag? som kunstige blomster(litt store) i vase. Eller grønne kunstige i oransje potteskjulere....hehehe... eg er veldig glad i oransje sjøl, som du ser. men det er friskt i ellers nøytrale, litt kjedelige omgivelsar:)

 

Du kan jo bruke det meste av fargar i så nøytrale omgivelsar:)

Skrevet

Syns dessverre oransje er gyselig:)

Angrar sånn på at eg ikkje valgte bruntonar til badet. Har prøvd å dempe det kalde med å kjøpe brune handkle, men eg trur ikkje det er så fint (ser ikkje sånt). Vil heller ikkje ha eit bad som er for fargesprakande.

Blomster var ein god ide. Det skal eg kjøpe.

Kva kan eg ha på veggane på eit bad? Skal det i det heile tatt vere noko på veggane?

Kva slags fargar vil gjere badet varmare? Kor mange fargar kan eg kombinere? Og kva er fine fargekombinasjonar?

Skrevet

Du har jo bøk-tre. det er lyst. kan ha rammer med bilder frå strender. Veit dei har på IKEA, hadde i allefall:)

 

Ellers ville eg ikkje hatt for for mange ulike fargar; heller samme farge i ulike tonar(lyse og mørkare)

 

Kjøp plantane i ulike grønfargar, for eksempel:) Med litt spesielle potter som kan passe på badet mtp motiver/mønster.

Skrevet

ang teppe/ryer kan du kanskje tenke på lys, lys beige. du må nok prøve deg litt fram, med hensyn til at veggar og golv er grå.

Skrevet

hehe.. kom på endå meir; er det baderomspanel som går å male på veggane? Då er det jo berre å male dei med baderomsmaling i ein lys farge, f eks Ida(litt lys beige). Det vil jo gje ein meir varm følelse:)

Skrevet

Da må du ha varme farger.

F.eks rød, lilla... hm.. Er ikke glad i brun til grått, og du vil ikke ha oransje, kanskje ikke gul heller. Da kommer jeg ikke på så mange flere varme farger.

Ikke kombiner for mange farger, to ulike går ofte bra. Eller så kan du ha flere nyanser av samme farge.

Tror det hadde blitt fint med kjølige farger også, blått/turkis/petrol.

Så kan du gi det varme med f.eks grønne planter, levende lys, dempe belysningen der evt ha varmere lys (gule pærer).

 

Skrevet

Det går an å male, men det orkar eg ikkje begynne med. Badet er nesten nytt så må leve med det nokre år før eg maler eller evnt. legg flis.

Lys beige og bruntonar pluss planter og rammer/korger i lønn høyres veldig fint ut. Men kan eg bruke brunt til grått? Det er det store spørsmålet.

Takk for mange fine tips makken:)

Skrevet

Problemet er at eg ikkje likar verken rødt, lilla, orange eller gult.

Kunne kanskje blitt fint med turkis, men det blei eg så lei av når det var så moderne her for ei stund sida. Kva er petrol?

God ide med varmare lys. Skal prøve å bytte pære.

Skrevet

Rein brun(mørk) vil vel bli litt tungt, eg ville heller hatt offwhite eller lys beige til grått. Du får jo tak i lyse korger også:) Grått er jo ganske nøytralt.

 

Eg prøver å sjå føre meg badet ditt, og så sjå kva for fargar som kan passe og som ikkje er skrikande:)

 

forstår egentlig kva du tenker, for eg hadde feil farge på badet i nokre år. Det var ein slags gulfarge, men eg syns det ligna på gulgrøn når eg fekk den på veggen. Yakk.. ekkelt, egentlig. Eg malte om med Ida og ein anna litt lignande farge i fjor, og det blei lekkert:) Men lyset har mykje å seie også.

Skrevet

Ok. No begynner det å demre for meg. Lys beige og offwhite, lønn, varmare lys og grønne planter.

Då skal eg komme meg på shopping:)

Takk for hjelpa!

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...