Gå til innhold

Huff, no er eg bekymra


Anbefalte innlegg

Skrevet

Var til jordmor for eit par veker sidan, og då hadde symfyse-fundus måla knapt endra seg. Derfor ville ho at eg skulle kome tilbake. Eg var til ny kontroll i går, og inga endring! Magen har nesten ikkje vakse i det heile tatt på omlag fem veker! Eg er i veke 33 no. Jordmor sendte helsekortet mitt til sjukehuset, og meinte dei skulle vurdere om vi trengte å kome inn til ein sjekk. Får svar over helga. No er eg så engsteleg! Kva kan vere gale? Tenk om guten vår ikkje får nok næring? Eller har ein infeksjon.. Eller...

 

Trur de vi får kome inn til undersøking? Kan ikkje forstå noko anna!?! eigentleg kan eg ikkje forestille meg at noko er gale, men kjenner bekymringane blir litt overveldande no. Treng å kome inn til ein sjekk... Helst i går!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Ring til føden og be om å få en ultralyd i dag. Du bør slippe å bekymre deg hele helgen. Regner med at du kjenner liv.

Skrevet

Syns du det altså? Eg kjenner liv, men syns på ein måte det er mindre bevegelsar enn vanleg. Går eigentleg ut frå at det er fordi eg ikkje gjer noko anna no enn å sitje å kjenne etter.. Ok, eg ringer.

Skrevet

det hadde jeg også gjort...ikke no morro å bekymre seg så fælt. Si fra hva de sa da:I)

Skrevet

Absolutt. Fødeavdelingen skal ta slike bekymringer på alvor. Jeg synes det høres sløvt ut av jordmor å ikke ta mer affære. Det trenger ikke være noe galt, men i verste fall kan det jo være at barnet får for lite næring, og må forløses raskt. Dumt å sitte hjemme i helgen hvis det skulle være tilfelle. På mandag kan det være for sent.

 

Ønsker ikke å skremme deg, men jeg hadde aldri våget å vente selv.

 

Lykke til, og gi oss tilbakemelding!

Skrevet

Takk for svar, begge to.

 

Eg manna meg opp og ringde inn til fødeavdelinga. Til slutt vart eg sett over til poliklinikken og snakka med ei hyggeleg jordmor der. Men etter å ha forklart situasjonen til to personar før henne, var eg blitt lettare emosjonell.. Ho beheldt roa, men sa at dei ikkje kunne ta meg inn i dag. Eg vart heller fortvila, og ho tok seg god tid til å forklare at dersom jordmora mi hadde hatt mistanke om at det var noko akutt, så hadde ho ringt slik at eg hadde fått kome inn med ein gong, og ikkje sendt henvisninga. Ho spurde kven eg går hos, og gav uttrykk for at ho kjente til henne og hadde stor tiltru til hennar erfaring og vurderingsevne. Eg prøver å ha det same..

 

Eigentleg vart eg beroliga, men sette i å gråte likevel. Kjente kor redd eg har vore... Dama i telefonen fortalde så at ein lege ville sjå på henvisninga og avgjere om det var nødvendig for meg å kome inn til veka. Håper verkeleg dei tek meg inn til sjekk, for sikkertheitsskuld!!!

 

Det er vanskeleg å ikkje bekymre seg. Og så les eg sjølvsagt om alt som kan gå gale om fosteret har avvik i veksten. I dag har eg berre gått rundt og kjent etter liv, like letta kvar gong eg kjenner ei lita rørsle.

 

Får prøve å få det litt på avstand no, og heller ringe igjen og mase på måndag om eg ikkje har høyrt noko då.

 

 

 

Skrevet

er det en privat klinikk i nærheten av der du bor? da kan du jo ringe og se om de har en tid så fort som mulig. alt er helt sikkert bra med barnet ditt, det er bare så synd for deg å skulle gå og bekymre deg hele helgen. du må jo betale selv på en privat klinikk, men det er det jo verdt.

 

lykke til! håper du orker å holde oss oppdatert! :-)

Skrevet

No ringde dei frå kk og ba meg kome inn til ein sjekk! Eg er så letta for at eg slepp å vente til over helga! Og så nervøs og redd for at noko skal vere gale...

Skrevet

Lykke til. Det går nok bra. Fortell oss hvordan det har gått da.

Skrevet

ring føden.. så slipper du å bekymre deg.. de tar deg godt i mot...

Skrevet

Krysser fingrene for at alt er bra med babyen.

 

Jeg var selv inne til sjekk på føden sist søndag pga småblødninger, men ble beroliget etter undersøkelsen. Bedre å mase litt for mye, enn bare vente og se, det blir en jo GAL av.

Skrevet

Takk for støtte alle saman!

 

Alt vel med gullklompen i magen!

 

Eg fekk kome inn på observasjonspost for gravide i går ettermiddag, ettersom dei hadde fått henvisninga frå jordmor, og hadde blitt litt bekymra dei og. Dei gjorde ein sparketest, og guten sparka som berre det. :) Så fekk vi etter å ha venta leeeeeenge ein grundig ultralyd. Legen var roleg og hyggeleg. Konklusjonen var at babyen såg ut til å vere akkurat passe stor, morkaka fungerte akkurat som ho skulle, og det var fin mengde fostervatn. Alt vel, med andre ord. Vart så letta at eg nesten tok til tårene igjen. ;)

 

Ho kunne ikkje forklare kvifor symfysemåla viste som dei gjorde, men eit alternativ var at babyen hadde lagt seg lenger ned i bekkenet. Det kan nok stemme, for han har lenge ligge og turna, og har trivst best i tverrleie. Vi skal følge litt ekstra med framover, men det er ingenting som tyder på at ikkje alt er som det skal. Hurra! :D

Skrevet

Så bra:-) Da kan du slappe av og kose deg i helga.

Skrevet

hehe nå ble jeg letta her jeg og! satt med litt tårer i øya da jeg så fortvilelsen nedover her, men godt at alt er bra!! :D

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...