Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Har prøvd å bli gravid i 1,5 år no. Prøvd enkel pergo x3. Fekk så vidt positiv graviditetstest i sommar, men så kom TR berre ei veke seinare. Så no etter jul gjekk me meir drastisk til verks. Mannen sjekka sitt bidrag, og eg starta med dobbel pergo og metformin. Gyn sjekka med ul at det låg to egg klare, og dermed fekk eg eggløysingssprøyte. Det er no 13. dagen etter el. og eg har psyka meg opp til den måmadlege nedturen . Men eg sjekka tempen til morgonen i dag, og den var høgare enn nokon gong! Den plar gå ned ein dag før TR, så no er eg så spent! Eg veit jo ikkje korleis alle desse medisinane påverkar syklusen min då. Eg leitar etter graviditetsteikn, men det er nesten mindre enn vanleg, anna enn ein litt rar magefølelse...

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Å så spennende soleia!

Du får holde oss oppdaterte. Det høres jo unektelig veldig positivt ut.

Krysser fingrene for deg nå.

Har du barn fra før?

Skrevet

Takk for det, Maritmora! Vakna tidleg i dag, for eg var så spent på temperaturen. Den er framleis høg og fin! faktisk høgare enn vanleg etter el. Har ikkje gått meir enn 12 dagar frå el til TR før, så eg byrjar å få eit håp no på dag 14. Vi har ingen barn frå før, så det har vore spennande for begge to med utredninga.

Skrevet

Framleis høg temp, og eit svakt, svakt kryss på testen i dag...

Har hatt litt smerter i magen dei siste tre dagane, føles som den står litt på spreng. Håpar verkeleg spiren klorar seg fast denne gangen!

Skrevet

Høres jo kjempepositivt ut!

Du får fortsette å oppdatere oss.

Meg selv ser det ikke så bra ut for, skal starte utredning nå.

Skrevet

Heisann!

Dettte høres lovende ut!

Krysser fingrene for at spiren sitter!!!!!

Skrevet

Hei!

Takkar for all fingerkryssing! I dag viste cb digital "gravid", så då må eg jo tru på det! :-)

Det kjennest godt i magen og, med stikking i bekkenet og ulming. Kjentes akkurat ut som TR ei stund, men ho har no heldigvis ikkje vist seg! Håpar ho held seg vekke frå deke og snart!

Skrevet

Gratulerer så masse!

Herlig å høre at det klaffer for noen.

Kos deg med din voksende mage de neste 9 mnd.

 

Klem

Skrevet

Takk for det, Maritmora!

Håpar du får ordna opp i "rusket" i livmora, og at eg snart møter att deg og Ine og alle de andre prøvarar inne på "gravid i moden alder"!

Kjem nok til å kikke innom her for å sjå korleis det går med deke framover, men håpar at det vert berre på besøk!

Lykke til!

 

klem frå meg

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...