Gå til innhold

Huff, den barnehagen


Anbefalte innlegg

Skrevet

Jenta mi trivst i barnehagen, og eg føler meg sikker på at ho har det trygt der. Dei vaksne er trygge og gode. Men hjølpes, det er mykje å setje fingaren på også! Tenkjer at vi som foreldre må prøve å påverke litt korleis dei gjer tinga der, men korleis gå fram?

 

Dette er eg misfornøgd med:

- Berre ein tilsett med pedagogisk utdanning.

- Dei har altfor lite utetid, og går sjeldan på tur. Regn=innever.

- Når vi hentar henne må vi alltid sprørje og grave for å finne ut kva ho har gjort på i løpet av dagen.

- Dei har ingen form for informasjon til foreldra. Tenk så lett det hadde vore for dei å ha eit tavle i gangen f.eks, der dei kort fortalde kva dei hadde gjort den dagen.

- Dei har berre månadsplan no og då. Vi har enno ikkje fått for januar.

- Når det er sett opp månadsplan følgjer dei sjeldan dagsplanane, og dei er lite detaljerte.

- Det verkar som det stort sett er fri leik dei tilbyr borna, men det er vanskeleg å vete ettersom vi får svært lite informasjon om kvardagen i barnehagen.

- Felles foreldremøte ein gong i halvåret, altså inga individuell oppfølging.

- Stadig kakao i barnehagen.

- Minimalt med variasjon og fantasi i matvegen. (Verkar det som, eg veit jo ikkje..) Her går det i eple, banan og leverpostei.

- Ingen drama, lite kreativitet.

- Dei har ikkje eit tydeleg satsingsområde (som t.d. friluftsliv eller kultur).

- Det verkar som dei tilsette i stor grad prioreterar dei største borna når det gjeld tilrettelagde aktivitetar.

- Dei har ikkje soveområde. Borna ligg i vognene sine i gangen eller utanfor barnehagen.

- Ingen tydeleg pedagogisk profil.

 

Eg vil så gjerne at barnehagen skal vere ein stad der dottera mi får lære, får gode meistringsopplevingar, lærer å bli glad i naturen, får utfalde seg kreativt..

 

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Hei!!

Dette hørtes ikkje bra ut. Eg har sjølv vore litt misfornøgd med barnehagen til gutten min. Det eg gjorde var at eg tok opp dette i samarbeidsutvalget som alle barnehagar skal ha. Eg er og leiar her så eg la ikkje mellom på kva eg syntes.

 

Finn ut kven som sit i dette utvalet å la dei få vite kva du syns. Har du fått årsplan der det står info om opplegget i barnehagen?

 

For meg er det og viktig at ungane er mykje ute og at dei skal ha eit skikkeleg opplegg. Men ta det opp så fort så råd slik at dei kan få gjere noko med det.

 

Lykke til!! :)

Skrevet

Hvis du ikke tør å ta det opp med barnehagen, skriv et anonymt brev til de. Det fikk jeg beskjed om i barnehagen til datteren min. Men nå er jeg så heldig at barnehagen her er helt topp.

Skrevet

Ja, det er nok på tide å ta litt grep her. Å kontakte samarbeidsutvalet er nok ein god ide, men eg føler kanskje eg bør ta det med styrar først.. Barnehagen er så liten, så eg tør ikkje kome med eit anonymt brev, trur eg. Dei skjønar nok fort kven det er frå då, i tilfelle.

 

Eg roa meg litt før jul, for då gjorde dei så mykje kjekt. Hadde juleverkstad og bakedag. Men no verkar det ikkje som dei har noko opplegg i det heile. Eg har ikkje fått nokon årsplan for 2008. Er det ved årsskiftet dei legg opp ny årsplan?

Skrevet

I vår barnehage kan alle foreldre som har noe de vil ta opp med barnehagen, men ikke vil gjøre det selv, kontakte FAU. Det er også gjerne noen fra Fau som sitter i SU.

Du kan altså kontakte en i Fau du føler deg trygg på eller skrive et anonymt brev til dem. De bør jo også kunne omformulere slik at det blir vanskeligere å gjennkjenne hvem, kan være det ikke bare er du som føler disse tingene. Veldig greit med FAU som kan ta det opp og også kartlegge om det er flere foreldre som tenker det samme.

Skrevet

1 person med ped.utdanning pr avdeling + styrer er det som er vanlig.

Ikke alle har plass til å sove inne. Ikke bare din barnehage. Da må de sove ute eller i gangen da. Men om de sover ute i vogner må da det være bra???

Hva med årsplan , har dere fått og ikken minst lest den.

 

Ellers må det vel gå an å ta opp ting med ped.leder eller styrer på en normal måte , om det er noe å klage på.

Skrevet

Årsplan pleier gjelde fra barnehagestart om høsten , og fram til sommeren!

Skrevet

Anonymt brev???

Hallo!

Har du noe å klage på , får du være voksen nok til å ta det opp med styrer eller ped.leder!

Skrevet

Hei. Det høres ut som om jenten din og gutten min går i samme barnehage..hehe...kan slå ned på akurat de samme tingene i sønnen min sin barnehage...

Barnehagen ligger vel ikke tilfeldigvis i Nordhordland vel???

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...