Gå til innhold

Kan ein få svangerskapskløe ein gong til??


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg fekk svangerskapskløe i ca veke 34.Det begynte smått på magen men utvikla seg ganske fort til utslett over heile kroppen, bokstavli talt. Ein kan ikkje beskrive kor ...... det klødde.

Men det var igrunn ikkje det verste, det verste var min kamp for å få legane til å fatte att slik kunne eg ikkje gå rundt. Var til legen annakvar dag, fekk nye beskjeder om kva det var(for det viste eg ikkje) nye salver og nye råd. For det første kunne eg ikkje bruke salvene sia eg var gravid.. Eg smurde meg inn med alt eg kunne, Blei til å med bandasjert med sinkbandasje(det gjorde det ikkje bedre).

Eg prøvde legen på legesenteret, på akutten og på føden, men ingen respons.

Tanta mi er jordmor i bergen, og måtte til slutt ringe ned å fortelle att tok ikkje dei meg inn la ho meg inn i bergen, mor mi ringte jordmora mi å fortalte korleis ståa var. Då til slutt tok dei meg inn.

Eg hadde ikkje sovet i dei heile på seks dager, og før det var det ikkje lange biten eg fekk meg av søvn. Eg var gåen. Men fødselen vart satt i gang, eg fekk ei datter (som no er 2år, snart) fekk morfin og sovetabletter når natta kom og tre uker etterpå var alt borte, utenom arr etter intens kløe.

 

Men det eg sitter att med er ganske stor angst for å få dette ein gong til, har snakka med jordmor og slikt, men dei seier det ikkje er vanleg. Men det finnes ingen bestemt medisin for dette og eg har sakt det att før det vil ikkje eg bli gravid. Men eg vil eg jo att Emilie skal få seg søsken.

 

Er det noken som har hatt det to ganger, og er det like forferdelig??

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...