Gå til innhold

Som eg saknar byen!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Vi flytta frå byen til bygda i sommar. Då var alt fryd og gammen. Naturen her er nydeleg, turmoglegheitene nesten uendelege, havet klårt og lufta rein. Men no.. Det bles og regnar og temperaturen ligg rundt ubehagelege 0 grader frå september til april.. Mogleg eg overdriv, men i dag tillet eg meg å sakne:

 

- Venane mine. Først og fremst venane mine. Menneske eg kjenner og som kjenner meg. Berre ein sms unna.

- Kafeane. Tenk å berre kunne rusle eit lite stykke og så finne ein koseleg kafe der praten surrar og musikken leikar i bakgrunnen. For ikkje å snakke om all den deilige kaffien! Mocca.. Latte med irish sirup.. Kake. Eller ein frisk salat og ferskpressa juice om ein er i det humøret. Å sitje der aleine med ei bok, eller saman med gode vener.

- Vinkjellarane. Ah, dei gode pratane i vinkjellarane!

-Folka. Så mange menneske på ein stad. Og ikkje alle har regnkle og refleksvest på seg... Den hærlege variasjonen i byen!

- Kinoen.

- Konsertane.

- Teateret (som eg aldri nytta meg av når eg budde der..)

- Bibilioteket. Stort og fullt av skjulte skattar.

- Platekompaniet.

- 7/11. På bygda får ein ikkje tak i digre kakestykker klokka 2 om natta. Ikkje at det var så veldig ofte eg kjøpte det i byen heller, men eg kunne gjere det. ;)

- Butikkane. Ja, eg innrømmer det, eg saknar impulsshoppinga.

- Anonymiteten. Det å kunne gå på butikken å handle utan å bli lagt merke til.

- Universtietet. Folka på gongen... Faglege diskusjonar, og tøysete diskusjonar.

- Barnehagen til dottera mi.

- Leikeplassen rett utanfor døra.

- Moglegheitene.. For pilates og gravid-yoga, og bim-treff.

- Antikvariata.

- Skostredet.

- Det sosiale livet...

 

Berre eit lite lengtar-tilbake-sukk frå meg...

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Ja, det er jo helt klart fordeler med både by og bygd, ingen tvil om det.

Det beste, synes jeg, er å by i en storby, et stykke unna sentrum.

Da har man både natur og by.

 

Har du diskutert dette med mannen din? Kanskje han også lengter tilbake til byen?

Skrevet

Ja, eg ser heilt klart fordelane med å bu på bygda også. Og eg prøver stort sett å tenke positivt og vere innstilt på at det tek tid å finne seg til rette. Men det er ei utfordring å flytte til ein stad der ein ikkje har noko nettverk, ei større utfordring enn eg trudde då vi dro. Det er ikkje noko alternativ å flytte herfrå no, sjølv om vi begge kan lengte tilbake av og til. Mannen min er veldig forståingsfull og vi tek turar inn til byen når eg berre må ha litt byluft under vingane. Heldigvis er det ikkje forskrekkeleg langt, men det krev litt planlegging. Trur jammen det er på tide med ei byhelg hos ei venninne eg! Så blir eg nok metta og lengtar tilbake til den friske lufta på landet.. ;)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...