Gå til innhold

Uff for ei veke... (langt)


Anbefalte innlegg

Skrevet

No har eg bare lysst til å gå og legge meg og grine av meg litt stress....

 

 

Stresset byrja tirsdag morgon med at sambo hadde tatt med seg begge bilnøklane på jobb. Eg hadde avtaler på jobb eg måtte rekke og måtte levere i bhg. Fekk til slutt låne bil av svigermor, og kom sjølvsagt for seint på jobb.

 

Så skulle vi få nytt kjøkken levert samme dag, så eg reiste heim frå jobb så snart eg kunne og venta heime. Og ingen kom.... Eg måtte tilbake på jobb, og måtte organisere at svigermor kunne låse opp og betale(!) kjøkkenet viss det kom medan eg var på jobb. Høyrde ingenting, og stressa meg heim att så fort eg kunne. Ringde sambo, og fekk då vite at dei hadde ringt om at kjøkkenet først kom dagen etter. Takk for at eg fekk beskjed om det....

 

Onsdag byrja med at eg skulle levere bilen på verkstad, men skulle berre fylle bensin først. Og fann ikkje lommeboka. Sambo som rydda ut av bilen til svigermor før den vart levert tilbake, såg ikkje lommeboka mi som låg i passasjersetet... Så då vart det stress og seint på jobb fordi eg måtte få tak i pengar til buss o.a. Og sjølvsagt vart ikkje bilen ferdig når det var lovt, så då måtte henting og bringing i bhg organiserast.

 

I dag gjekk morgonen greitt, men eg har hatt ein vanskeleg samtale på jobb som resulterte i tårer forran kollegaene pga ein sak som elles ville vore fillesak (hater hormonane mine.....), måtte gå derifrå fordi eg skulle på UL. Den tok mykje lenger tid enn berekna, så eg nådde ikkje neste avtale på jobb. Ein av kollegaene eg hadde snakka med tidlegare uttrykte at ho synest synd på meg, og dermed kom tårene igjen. Eg henta bilen, og når eg henta i barnehagen merkar eg at bremsane ikkje fungerer som dei skal. Holdt på å kræsje to gongar fordi bilar stoppa forran meg i nedoverbakke. Og vart sjølvsagt stressa og utrygg av det. Så eg måtte få svigerfar til å hente meg og guttungen på ein bensinstasjon. Så får vi håpe at verkstaden der kan sjå på bilen i morgon. Og vi skulle eigentleg låne vekk bilen til svigers som skal ha med guttungen på tur i helga. Arrrrggggg.....

 

Det har vore ein del andre småting innimellom også. Og seine kveldar. Og no kjenner eg at eg er så sliten og trøtt av uforutsette ting som stressar at eg er på nippet til å grine heile tida. Burde byrje å skru saman kjøkkenskap, men orkar ikkje....

 

Måtte berre få det litt ut....

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Huff for ei uke du har hatt da =( Sender deg en STOOOOR trøsteklem =)

Skrevet

Uff og huff.

Trøsten må jo være at det er fredag i morgen!

 

: D

Skrevet

Huffa meg da..

En varm stor klem fra meg!!

Håper du får en bedre uke neste uke. :)

Gratulerer med nytt kjøkken forresten. :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...