mr_lome Skrevet 11. oktober 2007 #1 Skrevet 11. oktober 2007 Fargene var sterkare, lyset var hardare, grasstråa stakk meg i føtene, bringebæra var raudare, eg kunne lukte ho frå vegen. Blanda med asfalt frå vegen, meir og meir olje og støv frå verkstaden blanda seg inn når eg gjekk mot bringebæra. Bringebær buskene stakk og det var store feite makkar i dei. Det lukta bestemor i bringærhagen. Eg veit ikkje om lukta blanda seg med minna, om bestemor på ein måte var bringebæra. I kjellaren sat ho Svanhild, bakstedeia, ho hadde vore der frå før eg sto opp. Ho lukta mjøl og potet og flatbrød. Ho var den største bakstedeia eg hadde sett, det var slik bakstedeier ser ut. Ho smila støtt også når ho jaga oss ut med hendene fulle av nysteikt flatbrød. Latteren hennar boblar i bringa til den som høyrer den, men ho er skarp. Eg likte blomar, eg sat i trea og skreik til vinden. Når eg skulle eitkvart sette eg meg ned og spurde magen kva veg eg skulle gå. Slik hugsar eg. No skal ein slik ein snart ut i verda att. No skal ein sjel vaskast, rensast og hengast til å tørke. Kva kan eg seie, eg har ikkje tid til å høyre på magen lenger, er ikkje like klok, skal bli ein som undrar over eit barns undring. Ein som veit korleis livet eigentleg er. Han som har alle svara. Han som ikkje veit at han veit. Eg skal bli ein av dei som barnet ser på og tenkjer, ”eg er klokare enn han, men eg får stola på han. Eg får sjå kor det ber.” Det er han som har levd før. Ein dag kjem han til å tenkje ”eg skulle aldri høyrt på han, eg skulle ha gått min egen veg, men no er det for seint”. Men det er ikkje for seint, og han går sin eigen veg. Han går sin egen veg og lurar på kvifor han ikkje gjorde det før. Så dreg han frå meg og eg må berre stå og sjå på, for det er det eg vil, at han skal gå sin eigen veg. Historia skal gjenta seg og eg skal vera han som gjentek ho. Historia er hokjønn, ikkje berre på nynorsk. Ho er lunefull. Lunefull og nær og varm. Historia kan heilt ta luven frå deg. Ho er ikkje til å stola på, men du kan berre ikkje la væra. Han bur inne i magen hennar no. Han er meg, meg og ein heilt annan. Ein som er like sterk som meg. Ein som er god til å bera, ein som er god. Eg saknar han, ventar på han, gleder meg og gruar meg. Gruar meg på ein god måte. Det boblar og kjetar, som kjærleik. Som kjærleiken sjølv ligg han inne i deg og boblar og sparkar i bade deg og meg. Ligg og veit han skal ut. Han gleder seg til å ta oss i nakken. Gledar seg til å gjere oss til menneske. Kanskje er det vi som blir født. Han berre er, og vi må finna oss sjølv på nytt. Vi får nytt liv, perspektiv. Det er vakkert, det er slik livet er. Han ligg og kitlar, og eg trur han veit kva han gjer.
lilwil 21.1 Skrevet 30. oktober 2007 #2 Skrevet 30. oktober 2007 Med en slik innstilling til det å bli far, tror jeg du får et liv fyllt av glede over både egen og den lilles nye tilværelse. Lykke til. Hilsen ei med nummer tre i magen - og det er like spennende denne gangen også - snart å få møte en ny liten personlighet.
Anonym bruker Skrevet 1. november 2007 #4 Skrevet 1. november 2007 Jeg er nok ikke så kultivert, så for meg ble dette svada og tull
Sunshine2222 Skrevet 1. november 2007 #5 Skrevet 1. november 2007 Jeg syns det var nydelig! Takk for så flotte tanker en sen kveld!!!
Anonym bruker Skrevet 13. november 2007 #7 Skrevet 13. november 2007 veldig veldig vakkert!!! Gåsehud!!!
Anonym bruker Skrevet 23. november 2007 #8 Skrevet 23. november 2007 zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz ja....der sovnet jeg visst
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå