Gå til innhold

Fotball for idiotar


Anbefalte innlegg

Skrevet

Før i verda hadde moglegeins fotball noko føre seg. På den tida spelarane på Brann kom frå Bergen og Viking sine frå Stavanger.

Men kvifor det no, t.d. for enkelte bergensarar, ser ut til å handle om livet at Brann vinn serien, nei det skjønar eg ikkje. Det er sikkert like mange bergensarar som spelar på Viking som på Brann.

At folk attpåtil har favorittlag i England syns eg er endå meir uforståeleg. Kvifor interessere seg for kva eit fotballag i ein by du knapt har vore føretek seg? Og kvifor er det viktigare kva som foregår i engelsk fotball enn i t.d tysk?

Og kvifor i alle dagar må ungar, og enkelte mindre begava vaskne, trakke rundt i fotballskjorter med namn og nummer på favorittspelarar? Skjønar dei ikkje at det ser dumt ut?

Dersom eg skulle gjort eit eksperiment i t.d Bergen, der eg skulle finne det lokalet i byen som hadde størst tettleik av skrullingar, ja då hadde eg gått direkte til fotballpuben.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Her er det bare en ting å si, lille fisk : Gullet ska hem!

 

Skrevet

Kven er desse mindre begava vaskne, då?

 

Elles er me einige. Med mindre eg lyt snakke om fotball for å vere på line med deg. Då trekk eg meg tilbake.

Skrevet

Vi e lagets tolvte mann, våre hjerter står i Braaaaaaaaaaaaaaaaaann...

Skrevet

Dei mindre begava vaksne er nettopp dei som går rundt i fotballskjorter. Dei tilhøyrer forøvrig same kategori som menn på 35 i ACDC T-skjorter, eller endå verre, vaksne menn i Ferrari skjorter (utan å eige ferrari. Desse finst det faktisk ei heil gruppering av i ein by eg budde tidlegare).

Trur nok det er eit bindeledd mellom uniformering og intelligens utan at eg har gjort ein studie av det. Så kan ein jo sjølvsagt hevde at vi alle er uniformerte på eit vis, men då bevegar eg meg altfor langt inn i det merksnodige fagfeltet kalla sosiologi.

Skrevet

*vifter med skjerfet*: Ifra Kniksen te Palldan har mitt hjerte stått i............ Ja, nettopp: Braaaaaaaaaaaaaannn

Skrevet

Ok. Eg skal vedgå at til og med eg har ein viss grad av kjensler knytt til fotball, og det er; same kven som vinn berre Brann taper. Veit ikkje kvifor eg føler det slik, men det kan jo ha noko med den redselsfulle songen å gjere. Eller dialekta den vert sungen på.

Skrevet

... "blod e tjokkere enn vann, heia Braaannn!"

Skrevet

Der såg eg den vaskne. Kan trøyste lærarånda di med at dette var ein skrivefeil og ikkje eit utslag av skrivevanskar.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...