Gå til innhold

Hjelp oss å halde Synnøve i live!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hjelp oss å halde Synnøve i live.

 

Synnøve Stautland Koløen er 33 år, lærar og tobarnsmor.

Ho har akutt myelogen leukemi. Cellegifta vart avslutta no i vår. Ho fekk fire månadar med familien denne sommaren. Ho rakk å fylgja den vesle førsteklassingen si ei veke på skulen. Så kom tilbakefallet.

 

No er det ikkje nok å håpe. No må ho ha ein beinmargsdonor for å overleve.

 

Det hastar.

 

Som blodgjevar og beinmargsdonor kan du redde Synnøve og andre sitt liv.

 

Dette kan du gjere:

Meld deg som blodgjevar. Du finn informasjon og skjema på www.giblod.no

Fyll ut dette skjemaet før du møter opp.

På Stord kan ein gå opp på sjukehuset mellom klokka 10 og 14 på kvardagar.

Der blir det tatt ein blodprøve og du må fylle ut eit skjema.

Gjer samstundes merksam på at du ønsker å registrere deg som beinmargsdonor.

Du vert først sjekka ut som beinmargsdonor når du kjem og gir blod som blodgjevar første gong.

 

Det fins fleire millionar vevstypar, og sannsynligheten for at akkurat du skal bli brukt er veldig liten. Men sannsynligheten for at Synnøve og dei andre 50-60 i året som treng beinmargsdonasjon overlever aukar veldig når dei får fleire å søke blant.

 

Det er ufarleg og det reddar liv.

 

Les meir om Synnøve her: www.avil.wordpress.com

 

Les meir om beinmargsdonasjon her: http://www.vilduhjelpe.com/index.php?optio...id=40&Itemid=32

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...