Ranveig R Skrevet 20. mai 2007 #1 Del Skrevet 20. mai 2007 Var på kontroll hos legen på fredag, 16+6. På forrige kontroll då eg var ca 12 veker på veg, fekk eg høyre hjartelyden så eg gleda meg til å høyre den igjen. Eg la meg opp på benken og legen fant fram lyttetingen og trykte den på magen min. Han leita og leita, flytta apparatet lenger ned, og fekk ikkje inn anna enn min puls. Gang på gang tok han tak i armen min for å sjekke om min puls samsvarte med den han fekk inn frå magen. Og det gjorde den. Etter ei stund begynte han å spørre om eg hadde kjent liv i det siste (kanskje, var alt eg kunne svare, fordi det eg har kjent har vore så svakt at det kan like gjerne berre ha vore luft), og om eg hadde hatt fleire blødningar etter den eg hadde tidleg i svangerskapet. Eg spurde om ikkje det skulle vere ganske lett å finne hjartelyden no, og han svarte at Jo, det BURDE det. Og fekk fleire og fleire rynker i panna... Til slutt la han vekk apparatet og begynte å klemme meg på magen og lyste opp då han sa "Jammen, e magen din helt HER oppe? Ikkje rart eg ikkje fant noe, eg har jo lyttet på helt feil plass!" Og med apparatet like ved navlen min fann han hjartelyden med ein gong. *Grøss* har kanskje aldri vore så skremt før, dette var langt verre enn blødning i veke 9, no er eg jo så langt på veg. Er berre sjeleglad for at alt var i orden. Og så håpar eg at legen heretter kjenner på/måler magen FØR han lytter etter hjartelyd, så ikkje han skremmer vettet av fleire gravide... Og eg gleder meg enormt til ultralyd på tirsdag ) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/9348879-frykteleg-skummelt-hos-legen/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Vektbaby, prinsesse 07 + spire Skrevet 20. mai 2007 #2 Del Skrevet 20. mai 2007 Godt alt var bra!! Skjønner godt at du blei redd, hehe! Lykke til på ul! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/9348879-frykteleg-skummelt-hos-legen/#findComment-9349297 Del på andre sider Flere delingsvalg…
rød Skrevet 20. mai 2007 #3 Del Skrevet 20. mai 2007 Noe så ekkelt Heldigvis var alt bare bra Lykke til videre Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/9348879-frykteleg-skummelt-hos-legen/#findComment-9349386 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå