Gå til innhold

Ei prinsesse er født :o)


Trampe 79

Anbefalte innlegg

Det begynte med murring i ryggen mandagskvelden den 02.04.07. som gjekk over i rier. Klokka 00.00 ringte vi til jordmor og fekk kome til sjekk då eg har født ganske fort tidlegare. Men der var ikkje meir enn 1 cm opning so vi for heim å slappa av. Eg tok meg ein dusj og prøvde å legge meg, men synst at riene vart sterkare av å ligge så eg sto opp igjen. Klokka tre hadde eg rier med 5 min mellomrom og ringte etter kvart til jordmora. Sjukebilen kom i 4 tida og vi for til sjukehuset på føda. Eg fekk skifta klede og vart sjekka, hadde då 4 cm opning. I 6 tida ca vart riene ganske sterke og veldig tette. Kom meg opp i fødesenga etter ein del rier, babyen låg litt langt oppe og dei mente at det var ein stjernekikkar. Eg fekk lystgass og låg å pusta i den gjennom ein del rier. Eg begynte å føle for å presse, men babyen låg litt langt oppe så etter nokre pressrier fekk eg beskjed om å legge meg over på sida og hadde eit par pressrier der slik at ho fekk snu seg rundt og kome lenger ned. Eg fekk snu meg over på ryggen att og presse der, og på to pressrier kom prinsessa vår klokka 07.00 om morgenen den 03.04.07. Ho var 3750 gr og 51 cm og heilt nydeleg :o) Kom heim på fredag, men har ikkje komt meg inn på sida her. No kosar vi oss heime la med to stolte storesysken og gler oss til alle trilleturane vi skal ha :o) Gle dokke jenter, masse lykke til :o)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gratulerer så mye med prinsessa!!! Flott å høre at alt gikk bra! Kos dere masse fremover og lykke til videre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...