Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Hei,

Ei lita oppdatering herfrå: som eg nemnte i eit par innlegg for eit par veker sidan, tykte eg kroppen min oppførte seg rart i samband med siste mens. Nå lurer eg på om eg faktisk VAR gravid - for da eg var på hytta i førre veke fekk eg ei blødning heilt utanom tur, omtrent på det tidspunktet (eller eit par dagar etter) eg etter normal sykus skulle hatt EL. Det begynte med svak spotting måndag, litt meir tysdag, og onsdag blødde det friskt og var ganske vondt. Nå har det nesten slutta igjen. Puppene gjekk tilbake til normal storleik og slutta å vera ømme. Eg fekk jo aldri testa sidan eg var på hytta og langt frå noko apotek, så eg veit ikkje sikkert kva dette var. Eg reknar med at om det var ein tidleg SA, så har kroppen ordna opp. Alternativt hadde eg ein 15-dagars syklus, men det får eg liksom ikkje til å stemme.

 

Nokon andre som har opplevd liknande?

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/8413101-apropos-rare-tanter/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Hei på deg vennen. Må bare skriv noen ord til deg. Den rare tanta di var altså ikke noe ortlig tante. Så utolig trist at du fikk en blødning. Å som jeg hadde ønsket at det ble din tur nå. Du har kanskje ikke rukket å tenke som mange tanker om at du var gravid, men regner med at du er trist over at spiren glapp. Tankene kommer jo uansett om hva som kunne ha vært. Håper kroppen din kommer inn i vanlig syklus igjen slik at du snart er klar for nye runder. Mener å ha lest at man er mer fruktbar rett etter en tidlig SA. Noen andre som kan bekrefte dette?

 

Jeg er hjemme igjen etter en veldig kort vinterferie. Feberen herjer kroppen og jeg er helt utslått. Nå holder jeg meg langt unna mannen min slik at jeg ikke smitter han. Det er bare det som mangler at han blir sengeliggende med feberhete svømmere når jeg omsider blir frisk og har el.

 

Sender deg en stor trøsteklem jeg Beth.

Takk, Martine! Hyggeleg at du er tilbake, sjøl om det var ein kjedeleg grunn til at du er tilbake. Influensa er noko drit! Vi har vel plutseleg synkronisert EL nå? Eg begynte å teste i dag, ikkje positiv, men reknar med at det er tidleg. Reknar med positiv test i morgon eller sundag dersom eg reknar frå den rare blødninga. Eller seinast måndag.

 

Heldigvis har eg eigentleg ingen vonde kjensler rundt det som skjedde - det var litt skummelt å begynne å blø på hytta, men da det ikkje kom veldig store mengder, behandla eg det som ein vanleg mens. Så får vi håpe eg er ekstra fruktbar denne månaden - det treng eg, sidan eg fyller 45 om nokre veker. :(

 

 

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...