Gå til innhold

Ha med tøybleier på sykehuset?


Anbefalte innlegg

Har tenkt å prøve meg med tøybleier. Har termin 21.12. og driver og pakker bagen nå. Men er usikker på om vi skal starte med tøybleiene med en gang på sykehuset, bli vant til det med en gang. Eller om det er mer praktisk å bruke papirbleier der og så teste ut tøybleiene hjemme, så vi slipper å begynne med å vaske med en gang. Noen som har anbefalinger?

Fortsetter under...

Har lest på tettinntil.com at fleire sjukehus brukar brettebleier til babyen har fått vanleg avføring - men det er ulik praksis, så kanskje du kan ta kontakt med sjukehuset ditt for å høyre kva dei brukar. Dersom dei brukar tøybleier treng du i alle fall ikkje ta med (anna enn til heimreise). Det er også fleire som har sagt at ting har lett for å forsvinne på barsel, så det kan kanskje vere greit å halde eigne tøybleier for seg sjølv (ikkje noko problem viss sjukehuset bruker papirbleier då).

 

Men: er førstegangs, så har inga erfaring sjølv - høyr med sjukehuset i alle fall og lykke til med fødselen, det er jo ikkje lenge til!! :)

Vi hadde ikkje med tøybleier, fordi det ville vere kronglete å skulle dra på våte/skitne bleier når vi skulle heim att. Dessutan hadde det ikkje vore noko særleg å ha skitne bleier liggande på rommet i eit par dagar.

 

På Haukeland (Bergen) må dei nyfødde ha tøybleier på til dei har tissa for første gong (det er sjølvsagt lov å bruke dei heilt til ein skal heim). Eingongsbleiene er så effektive at det er vanskeleg å vite om babyen har tissa i det heile tatt - og det er viktig å få med seg at heile systemet fungerar, derfor tøybleier heilt i starten.

 

Då vi kom heim frå sjukehuset med knotten begynte vi med våre eigne tøybleier, først brukte vi dei berre då vi var heime, og etter kvart som vi vart trygge på at dei fungerte begynte vi å bruke dei når vi gjekk på besøk/var ute og farta.

Eg kom forresten til å tenke på noko. På Barselloftet på Haukeland er det berre brettebleier, ingen brillebukser eller ullbukser. Neste gong kjem vi nok til å ta med ullbukser slik at den lille kan ha på seg sine eigne klede. Sist var småtten stort sett berre tulla inn i eit par-tre brettebleier på underkroppen. Synest det er koselegare å kunne kle han i ordentleg tøy.

 

Lykke til med resten av svangerskapet og fødselen - du har noko stort i vente!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...