Ranveig R Skrevet 11. desember 2006 #1 Skrevet 11. desember 2006 Såg at du har snubla inn her no, kjekt å sjå "gamle" kjente! Bursdagen gjekk bra? Stor fest?
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 11. desember 2006 #2 Skrevet 11. desember 2006 Heisan! Kjekt å treffe den jenta att! Jaudå, eittårsdagen er vel i hamn, og det var stor suksess. Vi har så stor familie at det var fullt hus her forrige laurdag, og halvfullt dagen etter. Sneipen var i storform, iallfall på sjølve dagen - under restefesten tok det til å røyne på litt. To dagar med fest er mykje for ein liten krabat! Han fekk masse fint (først og fremst leiker som lagar lyd, så no er det mø-mø her og bæ-bæ der heime hos oss) og han storkosa seg med dei nye leikene sine. Kaker var han ikkje interessert i før på sundagen, men då gjekk det med litt julekaker, ja. Ikkje ofte du ser nokon nyte ei konfektkake til dei grader... På fredag startar eit nytt liv for sneipen vår, forresten, for då skal han i barnehage. Han har vore der på besøk éin gong, og så skal eg og han på tilvenning på torsdag, men på fredag er det ramme alvor. Han har heilt sikkert godt av det (han vert sur når han ikkje ser andre enn meg og pappaen ein dag), men eg gruar meg. Vert så trist å tenkje på at nokon andre enn oss skal vere saman med han om dagane! Men farmora hans jobbar der, så eg er ikkje sååå bekymra, då. Det går nok fint. Men det er bra det berre vert eit par veker i barnehagen før det er juleferie. Korleis går det med deg og junioren din, då?
Ranveig R Skrevet 11. desember 2006 Forfatter #3 Skrevet 11. desember 2006 Oi, så spennande med barnehage då! Sjølv er eg heime med knotten enn så lenge, i og med at eg ikkje har fått meg jobb (og huset er ikkje klart så eg får ikkje starta businessen enno). Har søkt på eit par jobbar, men vil ha noko litt kjekt og det må vere deltid. Og ikkje så langt vekke. Så eg er nok litt kresen ja. No er eg altså heime utan løn - takkar politikarane for kontantstøtta både titt og ofte ja... Gullet er no snart 15 mnd, reiser seg opp og vandrar av garde mens han vinkar med begge hendene (snakk om multitasking!). Blir spennande å sjå kor stor han er blitt på 15 mnd-kontrollen (neste mandag), for han la ikkje på seg i det heile tatt frå 9,5 - 12 mnd og måtte på ekstra vektkontroll ved 13 mnd (og var like tung då og). Men eg innbiller meg at han har lagt på seg litt, og han har definitivt strekt seg. Ellers kjem språket tuslande, han kan sei ein del ord, og forstår ein heil del fleire. Humøret har vore litt svingande i det siste (har vel egentlig svinga bort til "MONSTER" og blitt verande der...), håpar det går over snart før eg blir aldeles gal. Men eg ser andre her inne har same erfaring frå den alderen... Dåke får no ha lykke til med barnehagestart då, det blir sikkert kjekt for han!
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 11. desember 2006 #4 Skrevet 11. desember 2006 høyrest kjekt ut...knapt! Men dei må vel gjennom så mange slags fasar. Det vert nok betre når han får litt betre grep om språket. Nei, no er det kveldsmat her. Youghurt naturell og ei spiseskei müsli - hipp hurra!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå