Gjest Skrevet 28. november 2006 #1 Del Skrevet 28. november 2006 8.november: Vatnet gjekk om morgonen. Eg skulle på ktr på Riksen 13.15 og tenkte at då treng eg ikkje ringja bort for å sei det, skal jo dit om nokre timar likevel. Skulle innom barsel før ktr for å besøka ei venninne, reiste difor bort til Riksen tidlegare enn vanleg. I hovudvestibylen måtte eg gje tapt mot vatnet, det berre rann og rann og eg måtte finna første og beste toalett. Å koma seg ut av toalettet var ikkje lett, binda mine var søkkvåte og tok ikkje imot særleg mykje av vatnet som kom. Stappa buksa full i toalettpapir og vralta meg ut. Ringte føden og spurde om eg kunne koma med ein gong i staden for å gå på vanleg kontroll, det fekk eg. Sendte deretter melding til venninna mi og sa at eg vonlegvis ville koma og dela rom med henne på barsel i løpet av kort tid. Ktr hjå jm, alt såg fint ut, bortsett frå riene - dei var ikkje tilstades. Vart sendt heim med beskjeden: kom tilbake i morgon om ikkje riene har starta, så set me deg i gang. Vel heime skjer ingenting. 9.november: Kjem på Riksen kl 10. Ctg og modningspille. Riene startar med ein gong YAY. Ikkje spesielt regelmessige, men det er rier. Brukar dagen på å besøka venninna mi på barsel. I 17-tida kjem det vonde rier, og dei er ganske tette. Jm sjekkar opning, 2cm - er i gang Riene kjem og går, ikkje regelmessige enno, men vonde. Kl 20, sjekkar opning igjen: 2cm .. Hmm.. dette går tregt. Kl. 23 sjekkar opning: 2,5cm. ER DET SANT????? Så mykje vondt og så lite som skjer?? Får pinex forte av jm, med beskjed om at anten tar riene seg opp eller så får eg sova og ny modningspille neste dag. Då mista eg det meste av piffen, tanken på ein dag til med så mykje smerter var ikkje spesielt fristande. Riene fortsette, og smertene er ganske intense. I tillegg byrjar eg verta veldig sliten no. Grin og kjenner meg dopa på pinex forte. Heldigvis var kjærasten min der og oppmuntra meg. Kl 2 orkar eg ikkje meir, får endeleg koma inn på fødestova og får prøva meg på lystgass, det funke for så vidt. Hyperventilerer i all fall ikkje lenger. Har no 5cm opning og pressriene tar til. NO?? No ber eg om epidural, klare ikkje konsentrera meg om pustinga når eg føler eg må halda igjen det som vil ut.. Får epidural ca kl 4 - HIMMELEN! Pressriene byrjar kl 7, får lov å pressa frå 7.15, men ingenting skjer, småen bevege seg ikkje nedover. Kl. 08.30 vert det snakka om vakuum. Herregud - NEI! Men jo, fornuften min overtar og seier jatakk til vakuum. Noko så vondt. Og som om ikkje det var vondt nok frå før, når hovudet til Ivar står halvvegs ute så stoppe riene mine - javel? det var jo kjekt.. Riene ville ikkje starta att, så Ivar vart meir eller mindre dratt ut utan hjelp av rier. Når hovudet er ute står sjølvsagt framleis skuldra fast så legen må inn og hjelpa den ut også. Og då kom det verste: for ut kom ein blå, livlaus gut. Navlesnora vart klipt og dei tok med seg ungen min og sprang ut. Det var vondt det! Etter eit langt minutt (viss det var så lenge) kom det eit vræl frå gangen og legen sa at det var vår vesle gut. Då grein far Fekk Ivar på brystet og vart lappa saman nedantil. Revna frå topp til tå, men kva gjer vel det, når verdas nydelegaste ligg på brystet? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/7269204-vakre-vetle-ivar-kom-til-verda-101106/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Skrevet 28. november 2006 #2 Del Skrevet 28. november 2006 Han var forresten 3820g og 52cm - ein stor plugg Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/7269204-vakre-vetle-ivar-kom-til-verda-101106/#findComment-7269212 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå