Gå til innhold

for sent å begynne med tøybleier? (samme som bleiedeb.)


Anbefalte innlegg

Skrevet

 

han er 6 mnd nå...og eg har veldig lyst å begynne med tøybleier når me bare er hjemme, og kjøpebleier på tur osv. men er det bare dumt å begynne med tøybleier nå? vil eg spare penger på det? skal jo ha flere barn om noen år da, så kan vel bruke di da også?

 

kan noen hjelpe meg med hva eg trenger?og hvor får eg tak i alt eg trenger? og hva er beste løsningen?og vasking?

 

mange spm her....håper noen gidder å svare=)

 

takk=)

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Guten din har jo framleis 2 - 2,5 år framføre seg som bleiebrukar, så du vil nok kunne spare ein del også om du ikkje får fleire ungar, iallfall om du vel ei ikkje altfor dyr tøybleieløysing. Men den verkeleg store innsparinga skjer når du får unge nummer to og tre, og knapt nok har utgifter til bleier lenger (ein reknar vel ca 1500 kroner pr unge i klesvask (straum og vaskemiddel ) i løpet av heile bleieperioden).

 

Delte meiningar om kva som er den beste løysinga, men om eg skulle kjøpe tøybleier i dag, hadde eg gått for one-size-bleiene til Motherase (www.motherease.com). Dei veks med ungen, frå nyfødd til tre år, dei toler kokvask, og utanom bleiene treng du berre eit par-tre ull- eller microfiberbukser og nokre rullar med rispapir. Ullbukser og rispapir får du hos Nøstebarn (eller du kan kjøpe garn og strikke buksene sjølv, det er gjort på ein kveld), microfiberbukser får du hos Motherease (vi har airflow covers , og dei er geniale).

Desse bleiene er sånn litt over midt på treet prismessig, men det er utruleg god valuta for pengane. Vi hadde alt kjøpt Kushies ultra då eg oppdaga desse her, men hadde det ikkje vore for det, hadde eg garantert satsa på Motherease. Kushies ultra er dyrare og etter mi meining ikkje like gode, men dei er til gjengjeld enklare å bruke, då du ikkje treng noko utanpå.

 

Vasking er null problem: du legg eit rispapir i bleia. Der hamnar bæsjen, og så hiv du heile papiret i do. Bleia legg du så i ein tett stamp, gjerne med litt eddikvatn i for å hindre lukt (men vi bruker ikkje eddikvatn, og har aldri vore plaga med lukt på badet), og når stampen er full vaskar du bleiene på 90 grader (60 grader er nok viss det berre er tissebleier, men det hender jo at det kjem litt bæsj utanfor rispapiret, og då meiner iallfall eg at bleiene bør kokast). Hos oss vaskar vi ca kvar annan til tredje dag, men det vil jo kome an på kor mange bleier du kjøper inn.

 

Lukke til!

Skrevet

Syns jeg ser meg selv strikker ullbukser fort gjort på en kveld...hehe:-) Vet ikke om jeg hadde klart å strikket et skjerf engang jeg....

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...