Gå til innhold

Trening - ikkje for meg?


Anbefalte innlegg

Eg er for stor... eg veit det... ikkje det at eg ser så tjukk ut, for eg har det fint fordelt utover, men når eg reknar ut sånn BMI så ser eg at eg er altfor stor... faktisk så stor at eg bør gjere noke med det før det er for seint...

Så eg har begynnt å ri - og det er topp!!! Eg oppdagar masse musklar eg ikkje visste eg hadde og kjem meg ut i naturen - men det blir jo ikkje mykje "kondis" ut av det. Så eg snakka med kiropraktoren min, og ho annbefalte spinning - så på fredag sette eg i gang.

Fekk med ei veninne og så for vi av garde. Sjølve spinninga gikk greit, klarte jo ikkje å stå så mykje som dei andre og legge på så mykje som dei andre, men eg "sykla" i ein time, og det er lenge sidan sist. Svetta masse og fekk liksom kroppen i gang... men... dagen etter var det eine kneet hovna opp, så no har eg fått "meniskskade" eller betendelse i kneet....

Det er såååå frustrerande. Når eg endelig tar mot til meg og prøver så går det slik... argh!!!

Eg kjende det første gangen eg "sto" og sykla at kneet ville bøye seg feil veg, så det skjedde nok noko då, så det var kanskje ikkje sjølve spinninga, men eg må uansett vente nokre veker før eg kan prøve igjen. Så der forsvannt den trimmuligheita. Veit søren ikkje korleis eg skal få til å kome i form når kroppen min ikkje tåler å bevege seg!!!

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/7190687-trening-ikkje-for-meg/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Hei!

Hva slags spinning time begynte du på? Og snakket du med instruktøren først? F.eks. så skal du ikke spurte på spinning før du har trent regelmessig i 6 uker!

Du må ikke gi opp av dette! Tren andre ting mens foten leges og så kan du prøve spinning igjen når foten er klar for det. Hva med f.eks. roing? Eller body pump? Du får ikke så veldig mye kondisjonstrening utav det med en gang men du får brukt muskler og blir nok også anpusten ;o)

Annonse

Takk for all oppmuntring :)

Kneet er ikkje godt! I går gjekk eg ein tur, når eg berre tusla avgarde gjekk det greit, men når eg gjekk litt fort gjorde det vondt med ein gang...

Riding driv eg framleis med, eg rir uten sal, så det går greit. Har fått ei heilt anna kroppshaldning etter at eg begynnte å ri, og det gjer godt for rygg og musklar, kjenner eg.

I morgon kveld er det "damebading" i den lokale svømmehallen, skal SMSe et par veninner no og sjå om eg får med meg nokon då :)

Vann aerobic finnst det ikkje her rundt om... det er vel vanlegvis organisert trening, reknar eg med. Her er det berre open eller stengt svømmehall, ikkje noko organisert aktivitet... Eg er ikkje flink å svømme, men kan kråle (skrives det slik?) litt og er flink til å svømme på ryggen. Brystsvømming.... då berre søkk eg som ein stein... men aktivitet i bassenget er vel bra uansett...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...