Gå til innhold

Fra KP til KK: dansejentens 1. opptreden


Anbefalte innlegg

Har hatt stor glede av å lese andres fødselshistorier, og hadde tenkt at når den tid kom skulle eg og skrive ei riktig festlig historie med mykje sjølvironi og detaljar. Men det veit eg ikkje om eg har stoff til...

 

Dette er min andre fødsel, og sjølv om det er 8 år sidan sist er det ikkje som å føde første gang. Eg veit td at det er plass til ein unge ut gjennom mitt bekken.

 

Som sist starta det heile med at fostervatnet gjekk kl 0450. Rett nok var eg litt i tvil, fordi det kom ikkje så mykje, berre eit par dl, og eg visste at eg hadde mykje fostervatn. Med det same kjende eg rier, ikkje regelmessige eller sterke, men dei var der. Eg ringde føden, dei ville ha meg inn til kontroll kl 16.00 om ikkje fødselen var i gang før det.

 

Eg sende gutungen på skulen, han skulle til faren fra torsdag uansett, så alle kriseløsningar vart uaktuelle. Mannen min måtte avlyse oppdraget sitt og fekk ein litt hektisk morgon med å ro det heile i land. Eg gjekk heime og telde rier og mellomrom, men fekk lite gehør fra storken då eg ringde og raporterte.

 

Min kjære kom heim og eit par timar gjekk med avislesing og BIMing. Han byrja å verte uroleg, han syntes det meir og meir såg ut som ein dag han skulka jobben... Så då foreslo eg at vi kunne jo ta ein tur på kino, uansett ville dei ikkje sleppe oss inn på Storken, og noko måtte vi finne på for å ta toppen av spenninga....

 

Kl 11.30

Vi gjekk gjennom byen, 3min mellom riene, møtte ein del kjende som lurte på om det heile var nært foreståande. Jau det blir i dag, seinast i morgon kunne vi opplyse. Vi kjøpte bilettar til Woody Allens siste film Scoop- vi skulle jo sjå den uansett, og dette såg ut til å kunne bli siste sjanse. Kinosalen var så og seie tom berre ein to til tre eldre ektepar med koner i pels. (dette var ein av dei få klare kalde dagane i Bergen)

 

Kl 12.00

I løpet av filmen tok eg tida mellom riene, medan min kjære tok tida på riene. Dei kom med 3 min mellomrom og var mellom 40 og 60 s lange. Det var forøvrig ein god film, som kan anbefalast, sjølv om vi sleit litt med å forstå plottet på slutten. Det eldre ekteparet ved sidan av oss ønska oss lykke til, dei hadde vel fått ei litt anleis kinooppleving dei og...

Etter kinoen virka det ikkje freistande å gå heim, så vi tok ein taxi via heimen og til Storken. Dei hadde stilt seg tvilande til om vi var klare til å sjekke inn i og med at vi ringte fra kinoen, men gikk med på å undersøke meg iallefall.

 

Den bulgarske drosjesjoføren ville aller helst kjøre rett opp til Haukeland, men gikk til slutt med på å kjøre heim om for å hente den berømmelige bagen. Medan riene tok seg opp fortalde drosjesjoføren om kor mykje han sjølv ønska seg ei datter - han hadde tre gutar, men det blei ikkje det same.

 

Kl 14.30

Vel framme på Storken vart vi teke i mot av ei ung jordmor og ein jordmorstudent. Vi vart teke med til ei fødestue. Etterkvart som kleda vart teke av meg vart dei hengt inn i eit skap, så eg skjøna at her vert det ikkje heimsending. Då vart eg både litt letta og litt skremt.... No er det ingen veg tilbake.

 

Eg vart undersøkt og hadde 2cm åpning. Eg måtte jo spørre fordi eg ser at de andre veit jo alltid slikt..... Men ho meinte at vatnet ikkje hadde gått, eller at det var kun ei lita rift i fostersekken høgt oppe.

Vi fekk mat medan riene framleis kom som før, litt sterkare enn på kinoen. Det var lite eg hadde bestemt på forhånd, berre at eg ville i badekar og at eg iallefall ville prøve å føde utan epudural.

 

Kl 16.00

No var det tid for badekar, raude telyshaldarar vart teke fram, og eg gjekk i karet, det var deilig. Hadde grua meg veldig til opningsriene, då dei var så ille sist. Sist fekk eg drypp fordi fødselen ikkje kom i gang på 30 timar etter at vatnet gikk. Denne gongen var ikkje riene så ille, eg kunne tenke og nesten snakke medan det sto på. Dei var som ille menssmerte ( eller som eg måtte omskrive det for mine mannlege vener: som magekramper etter ein seriøs matforgifting)

 

Etterkvart tok riene seg opp, og jordmor kom inn på badet for å rettleie meg. Ho ba meg opne hendene og sleppe kjevemusklane medan riene kom. For desse musklane skulle henge saman med bekkenmusklane. Syntes det hørtes rart ut eg, men eg lya – og då vart det fart på riene... Eg kunne kjenne kor jenta skrudde seg ned i bekkenet for kvar ri.

 

Kl 17.00

Etter ein time i karet ville jordmor undersøke meg, eg hadde då 4cm opning. Jordmor sa ho ville la meg vere i karet eit par rier til, men at eg måtte seie i frå om eg fekk trykketrang – no på 4cm opning? jau ho meinte det. Og heilt rett: tre rier seinare, og eg ville på do. Eg grein då eg forsto at no var det slutt på kosen.

 

Kl 17.15

No vart eg dirigert til å stå på kne framom senga og la tyngdekrafta hjelpe meg. Eg skulle få trykke det eg ville. Eg hørte kneppet, vatnet gjekk, og som andre har skildra før meg braut helvete laust.

 

Dette var jævlig vondt – eg skreik og banna - det var langt frå den befrielsen som eg hugsar frå sist. Eg hadde hørt at dei ikkje lar oss trykke meir enn ein time, så NO fulgte eg med på tida, dette ville eg ikkje gå med på lenger enn eg måtte. Etter ein halv time, og to utslitte pussbekken ( eg brukte dei til å skrike i ) skulle eg opp på senga for å verte undersøkt. Eg hadde føttene på knea til jordmor og låg bakover mot mannen min.

 

Kl 17.45

No hadde eg full åpning. Og no hadde eg augekontakt med jordmor, så eg byrja å argumentere for bruk av tang. Eg fekk ikkje svar på spørsmålet, noko som på det tidspunktet var svært irriterande. Men i denne stillinga, som eigentleg var meint for undersøking, vart pressriene enno sterkare og mykje lenger. Jordmor fekk også veldig god utsikt, og eg kunne kjenne at ho støtta mot for å hindre rivning.

Med eit forsto eg at no er eg snart ferdig, og at det kjem til å gå fortare om eg samarbeider, og ikkje om eg diskuterer meir.

 

Eg fekk beskjed om å ta tak under knehasane mine og presse alt eg kunne på kvar ri. Riene var lange og eg kunne presse tre gonger på kvar ri. Det var tydelege pauser mellom riene. Så kom ho – det var vondt- ho brukte to rier på å kome, først hovudet så kroppen, og så var smerten over.

 

Etter at dei andre hadde gått og vi var åleine på fødestua seier den stolte faren, jau ho kjem nok til å kunne trille meg rundt veslefingeren......

 

 

 

 

 

 

 

 

  • 1 år senere...

Fortsetter under...

  • 1 år senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...