Efua Menu♥ Gutetvillingar Skrevet 31. oktober 2006 #1 Del Skrevet 31. oktober 2006 Fødekaret fekk eg tidsdnok og det var bra! Det heile starta med at slimproppen gjekk over to dager og eg var sikker på at det ville bli oktoberbaby. Andre dagen (22.okt) starta maseriene så eg gav beskjed til jordmor at eg rekna med det vart fødsel innan ei veke. Fekk nesten ikkje sove om natta pga smerter, men også litt spenning trur eg. På dagen roa det seg betrakteleg. Køyrde datra mi til barnehagen så fekk eg gjort det for siste gang før fødselen. Det gjekk heilt fint så eg henta ho også på ettermiddagen. I seks tida den 23 starta riene så det var berre å bite tennene saman og få over kveldstellet og legging. Litt før kl 20 ringde eg jordmor for å seie at no hadde det starta på alvor. Men eg var ikkje heilt klar for at ho skulle kome endå. Hadde 5 min mellom riene, men rekna med at det roa seg litt når eg fekk slappe av litt. Så vi ringdest igjen ein time seinare, då var det 6-8 min imellom. Eg starta å bake kake som eg hadde lovt jordmor... og sambuaren min drog på butikken for å kjøpe inn litt mat og fyllte luft i bassenget (takk og lov for at eg kjøpte elektrisk pumpe!) Kl 22 ringde eg jordmor igjen for å seie at det var på tide å kome, hadde 2-5 min mellom riene. Fyllte vatn i bassenget. Det fungerte veldig bra med varmeflaske i korsryggen og eg sat på ein stol og pressa imot. Jordmor kom litt før kl 23 og ho sa eg kunne gå oppi bassenget. Sååå deilig og det vart litt lenger tid mellom riene, men det varte ikkje lenge før det tok seg opp att. Jordmor og sambuaren min drakk kaffi og åt kake og såg på meg som låg oppi bassenget og ikkje fekk kake... Men eg drakk masse vatn og jus. Etter kvart hadde eg behov for massasje i korsryggen - veit ikkje korleis eg hadde klart det utan. Min kjære stod utanfor bassenget og eg knela i vatnet. Han var veldig glad for å ta del i så stor grad. Hugsar eg var veldig trøtt, om eg berre hadde kunna legge meg å sove... Var ikkje slik med fyrstejenta. Sunniva vart fødd 0154 den 24. oktober 1-2 veker før tida. Ho kom ut med eine handa saman med hodet så det vart litt tøft å få ho ut. Fekk ei rift, men mykje betre enn å bli klipt! Ho kom ikkje ut i vatn fordi eg reiste meg opp akkurat idet hodet holdt på å kome ut og då kunne eg ikkje setje meg ned att pga faren for at ho ville puste inn luft først. Det synest eg var litt leit, men det var uansett kjempefint å sitte i vatn med mi nyfødde jente. Det var ein utruleg oppleving å føde heime - totalt utan stress. Og sambuaren min vart sjølvsagt kjempeentusiast sjølv om han ikkje var så begeistra i utgangspunktet. Storesyster sov gjennom det heile, så det kunne ikkje ha gått betre, tenkte ikkje på ho i det heile under fødselen. Om morgonen kom henta pappaen ho og ho vart ifrå seg av begeistring då ho såg babyen. Ho er berre 18 mnd, så vi var ikkje sikker på kor mykje ho forstod av at i magen til mamma ligg det ein baby. Ho er kjempeflink, kyssar på lillesystra heile tida :-) Trur det ville ha blitt eit sjokk om eg skulle ha fødd på sjukehus og vore borte frå heimen nokre dagar. Det spørsmålet ein stiller seg etter ei slik oppleving er sjølvsagt; kvifor i all verden er det ikkje fleire som vel heimefødsel? Ein lykkeleg helsing Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6913384-vi-fekk-ei-lita-prinsesse/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Lovami Skrevet 31. oktober 2006 #2 Del Skrevet 31. oktober 2006 WOW!! GRATULERER!!! Og tusen takk for en vakker födselshistorie! Den er kjempe inspirerende! Jeg ble nödt til å lese den höyt for mannen min... Tenk at man kan ha en sånn födsel:) Tror det må väre fantastisk for barnets förste möte med verden! Kos dere! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6913384-vi-fekk-ei-lita-prinsesse/#findComment-6913710 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Lydia Epiphany Skrevet 2. november 2006 #3 Del Skrevet 2. november 2006 Gratulerer masse, dette var veldig fin lesing. Jeg kan nesten ikke vente på at det blir min tur. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6913384-vi-fekk-ei-lita-prinsesse/#findComment-6936131 Del på andre sider Flere delingsvalg…
conda Skrevet 3. november 2006 #4 Del Skrevet 3. november 2006 Gratulerer så mye!!!! Takk for den fine fortellingen.Så fint å høre at alt gikk så bra. Det var nesten som å lese om min egen fødsel :-) Kos dere! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6913384-vi-fekk-ei-lita-prinsesse/#findComment-6946670 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Skrevet 3. november 2006 #5 Del Skrevet 3. november 2006 Gratulerer masse!! Det var en fantastisk historie- og ja, hvorfor velger ikke flere dette?! Hele fødelen din hørtes så lett ut - hadde du ikke smerter?? Hi-hi. Bake kake?? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6913384-vi-fekk-ei-lita-prinsesse/#findComment-6948120 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Skrevet 8. november 2006 #6 Del Skrevet 8. november 2006 For en flott fødselshistorie. Takk for at du delte den med oss. Blir det noen gang et tredje barn på oss, føder jeg med glede hjemme igjen! ) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6913384-vi-fekk-ei-lita-prinsesse/#findComment-7015901 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå