Gå til innhold

September: Vi klarte det "umulige" :o)


Anbefalte innlegg

Skrevet

Vi har sidan Ask vart fødd budd i ein leilighet med to soverom. Men det eine (største) har vore stappfullt av ferdigpakka kassar som berre har stått og venta på at vi skal flytte i nytt hus (..som har hatt himla lang tid. Vi skulle liksom flytte inn til Ask vart fødd, og så til 1-årsdagen, men no skjer det ikkje før utpå våren...). "Alt" har blitt stappa inn på det rommet. Men no har farmora mi reist til Malta for vinteren, så då benytta vi oss av det og har kjørt tre tilhengarlass med kartongar bort til oppbevaring i huset hennar :o)

 

Så no er senga og stellebordet og leiketeppet og alle leikene til Ask flytta inn på det "nye" rommet, og han søv no der for andre gong i natt. Mens vi ommøblerte overnatta han hos mamma og pappa i nokre netter, i håp om at han ikkje skulle skrike etter pupp når han kom tilbake. Det er lenge sidan han har spurt etter melk når han har sove der, det er visst berre når han ser meg eller veit at eg er der. Så i natt våkna han ein gong i 3-tida og sutra og sovna og våkna og sutra litt til i ein times tid, mens pappaen tok seg av han. Og så sov han til 7 :o) Og dette er guten som har vore våken og forlangt pupp omtrent kvar tredje time så lenge han har levd (og som har hyyylt i timesvis om han ikkje har fått...)! Blir spennande å sjå korleis det går i natt.

 

Hipp hurra for eige soverom!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Åååh, så deilig!! :))

 

Vi har bare 1 soverom her vi, så vi er litt på jakt etter hus ;))

Skrevet

En hel natt søvn gjør mye med hele hverdagen!

 

Grattis :o)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...