Gå til innhold

Bindevevsbehandling ga meg to flotte jenter :)


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg har ein gut etter inseminasjon. Etter diverse forsøk vart vi sett på venteliste til prøverør når vi ville ha nummer to.

Tilfeldigvis gjekk eg til ein fysioterapeut eg kjende til behandling for noko anna i den perioden, og ho utførte bindevevsbehandling på meg i eit forsøk på å få mitt eige system "i gang".

Metoden går ut på at fysioterapeuten masserer bindevevet (underhuden på eit vis) i visse mønster - etter det ho kallar "meridianar" eller energibaner i kroppen. Vert det gjort på rette måten kjennest det nesten som å bli skjært med kniv. Deilig ubehageleg på ein måte... litt vanskeleg å forklare. Ikkje alle fysioterapeutar kan det. Er dei utdanna i utlandet kan dei ha det i utdanninga si, er dei utdanna i Norge må det visst etterutdanning til...

Eg har hatt uregelmessig menstruasjon og truleg sjelden egglysing og dette var grunnen til at eg ikkje vart gravid. (eg er også overvektig og det kan sjølvsagt spele inn). Allereie etter første behandling kom mensen (dagen etter) og den vart som ei klokke og kom til "rett tid" og det hadde den ikkje gjort på mange år. Etter to - tre månader med behandling, tok eg pause i behandlinga pga ferie. Då vi kom heim att uteblei menstruasjonen og eg trudde at no var eg tilbake i laaange periodar mellom kvar menstruasjon... men eg var gravid...

Når vi ville ha nummer tre gjekk eg til fysioterapeuten for noko heilt anna, og ho tok berre bittelitt bindevevsbehandling i tillegg - og etter eit par månader satt det jammen der igjen...

Så no har eg heile tre ungar, og to av dei er "heimelaga" - det er heilt fantastisk!!!

Bindevevsbehandling skal ikkje takast om du er gravid - så ta pause i prøvinga, gå og få bindevevsbehandling to tre månader og ta pause i behandlinga omlag når du får eggløysing og vent på resultatet. Kjem menstruasjonen igjen kan du få behandling i dei to vekene fram til eggløysing igjen...

Kanskje kan dette hjelpe deg også?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Så fantastisk... har aldri hørt om dette før jeg.. bra at du lykkes!!!!!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...