-mammsen-fikk tulle 060606 Skrevet 26. september 2006 #1 Del Skrevet 26. september 2006 Med førstemann så fikk eg mens termin 3.mars også flytta ultralyden den til 18.mars!! Eg var så uenig som det går ann å bli!! Overtid fra 30.mars også kanskje enda nokon dagar så kunne eg risikere å føde i april!! Nesten ein mnd etter mens terminen!! Eg sa heile tida at det kjem ikkje på tale å gå over, max ei uke!! Etter kvørt som tida gjekk så bestemete eg meg for at eg ikkje kom til å gå til den 18.mars ein gong. Eg sa at denna ungen kjem uka før! Pappan min har bursdag 12.mars så eg tenkte meire og meire på denna dagen. Det er da denna ungen kjem sa eg til meg sjav. Det hadde vert så artig!! Torsdag 11.mars så syns eg buksa mi satt så rart, den kom så høgt opp liksom. Og rumpa var ikkje så høgt oppe lengere, den hadde dette heilt ned til navelen!! Men eg tenkte ikkje noko meire på det. Kl 04 så våkna eg og måtte på do. På veg ut av senga så våkna mannen min og han måtte på do au så han sprang først. Så eg la meg ned att. Så var det min tur, og eg rulla meg ut av senga att, men da kom det to knepp i bekkenet og det kom noko i trusa! HJELP tissa eg på meg?? Nei da det var slimproppen. Gjekk på do og da kom det litt vann au! Tok på bind og ringte sjukehuset. Kunne bare ta det med ro. Veene kom nesten med ein gong. Og kl 6 var det ca 5min mellom dei. Da ringte eg pappa og gratulerte han med dagen. Han lura veldig på kvifor eg var oppe så tidlig. Så når han fikk vita at han mest sannsynlig kom til å få ein bursdags presang så klara han ikkje sei stort!! Bare "jaha", "javel" osv. Reiste på sjukehuset med 2-3 min mellom og dei vara i 30 sek. Mamma annonserte detta på Telemarksendinga for ho gratulerte pappa med dagen og ønska oss lykke til på føden!! Fram til 5cm gjekk det sakte. Men da skulle eg ha epidural. Ho satte dryppet og gjekk for å blande pumpa. Men da hadde eg rier som ikkje ga meg pause i mellom!! Eg låg og vrei meg og hyperventilerte. Når ho kom tilbake etter nesten ein time så var det 9cm!! Så epidural kunne eg bare gløyme. Fikk petidin. Men denna gutten ville ikkje lea seg så legen kom inn og dytta han i rumpa!! 10,5 timar etter at vannet gjekk kom det ein nydelig gutt på 4030g og 49cm!! På pappa sin bursdag!! Så kom turen til at nr 2 skulle komma. Eg fikk mens termin 5.juni og ul termin 9.juni. Eg sa at denna ungen kjem nok 6.juni for da får den ein fin bursdag! 060606 og aller helst så blir den født kl 0606 au!! Og mandag 5.juni gjekk store delar av slimproppen. Tysdag 6.juni kl 0630 gjekk siste rest av proppen! Og det starta nokon svake veer!! JIPPI!! Slik gjekk det heile dagen og eg ringte mannen min og sa at han kunne komma heim att kl 13. Dusja og me reiste på sjukehuset. Hadde da 2-5 min mellom og dei vara alt fra 30-60sek. Kom på sjukehuset og la meg ned til registrering. Da blei jo alt av rier borte!! Jm sjekka og sa at kanten var tjukk og at eg kunne gå slik leeenge!! Nei da tenkte eg! Eg skal føde i dag eg! Hadde nemlig time til kontroll hos jm den dagen men eg sa når eg fikk den timen at eg ikkje kom til å komma for eg skulle føde den dagen!! Så eg måtte avbestille den timen! hehe ho lo ho au!! Me reiste ut og åt litt og reiste til søstra til mannen min. Eg gjekk og gjekk og gjekk!! Eg kjente jo at dei kom ofte og at dei blei sterkare og lengere. Kl 19 var me tilbake på føden. Da hadde kanten blitt tynnare og jm kunne sei at det var 3cm!! Me fikk bli!! JIPPI!! MEN detta kom til å ta lang tid sa jm. Fikk klyster og eg skulle få akupunktur for å hjelpe til med rier. Så gjekk jm for å finna eit rom til oss. Fikk den største fødestua med dobbeltseng, stresslessar og tv og på badet var det hjørne badekar!! For det kom jo til å ta så lang tid! Mannen min gjekk ned for å hente bagen min. Når han kom tilbake så hadde eg starta å tappe i badekaret for da var dei ganske så harde! Mens eg låg i karet så kom det ei ny jm inn. Ho første hadde litt for mykje å gjera. Riene kom tett og var lange men eg satt med varmt vann opp til magen og pusta inn nesa og ut munnen. Bestemte meg for det etter førstemann at eg skulle puste og puste nå. Ikkje noko petidin for da ga eg f... i alt! Jm ville bare sjekke og da sa ho at hode sto langt ned!! og at det bare var ein liten kant att!! Mannen min fikk stamma fram "kjem ungen i dag??" Kjem aldri til å glømme det jm svara "med mindre den startar å rygge!! Så får den den fine datoen" Hadde eit par rier til i karet før jm sa at ho ville ha meg opp i senga. Og da kom den første jm inn for å sjå korleis detta gjekk! Ho trudde nesten ikkje på at det var like før full opning og at det kom til å komma ein unge snart! Ho reiste ikkje ut før ungen var ute!! hehe Tre pressrier og ei nydelig lita jente var født! Da var kl 2057! Under to timar fra me kom tilbake på sjukehuset til ho var født! Jenta var 3070g og 48cm! Hadde nokon fine telefonar da gitt!! For alle trudde at me kom til å bli sendt heim att el at det kom til å ta laaang tid! Kosar meg enda når eg hører svigermor i telefonen. Mannen min seier ingenting med ein gong og ho lurar på korleis det gjeng med meg. Eg trur ho har det bra eg, sa mannen min. Og forresten me har fått ein baby me! HÆ!! ropar ho!! Det kom ei jente for ca 30 min sida! Mamma sa bare nei og lo når eg ringte og spurte ho kva ho trudde det hadde blitt!! Det var artige samtalar!! Kjem ikkje til å gløyme dei!! Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6463869-dagane-da-mine-to-nydelige-barn-kom-til-verden-den-er-litt-lang-me-det-er-to-f%C3%B8dslar-der-da/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
trøndermamma Skrevet 28. september 2006 #2 Del Skrevet 28. september 2006 He he.....morsomt med de datoene da og at du fikk rett! Først på bursdagen til faren din, og så 060606. Enkle og huske:-) Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/6463869-dagane-da-mine-to-nydelige-barn-kom-til-verden-den-er-litt-lang-me-det-er-to-f%C3%B8dslar-der-da/#findComment-6481176 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå