Gå til innhold

Da kommer jeg inn til dere


Nei! Ikke en til!

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Åååå.....kjære Hypatia. No kom tårene mine!!! Dette skulle ikkje skje!!!

Kor urettferdig!

Eg har ingen ord som kan trøste deg....berre at...eg veit!

Tomheita. Sorga. Savnet. Draumane. Og dei laaaange dagane framover...mot ein ny glad dag. Men den dagen kjem. Ein dag, om faktisk ikkje så lenge...så er vi der att, Hypatia! Og det skal gå bra.

Varm klem

Så utrolig trist å se deg her inne! Jeg har lest historien din på 1. tri hvor jeg er så heldig å høre til om dagen, men jeg har ikke glemt hvordan det er å miste. Sitter her og feller tårer for en jeg ikke kjenner... det blir nesten som å oppleve det selv igjen, for å si det litt klisjeaktig. Sender masse varme tanker til deg og mannen din! Håper sjebnen har noe bedre i vente for dere om ikke alt for lenge..

Ja, kjære deg, jeg har fulgt deg også. Det er fryktelig trist og vondt, men dette må vi snu til noe positivt! La oss følge hverandre og passe på hverandre. hvordan går det med deg nå, tyty, fysisk og psykisk? Blør du fremdeles?

Sender gode tanker! Gleder meg til å bli bedre kjent med deg og de andre her.

Fysisk: relativt bra. Blør noko enno, ei veke etter utskraping. Har også hatt sterke menssmerter enkelte dagar, sikkert livmora som trekk seg saman att.

Det er på det emosjonelle plan den største arbeidsbiten for min del, ligg.

Har fått vore sjukmeldt ut denne veka - har ein jobb der eg brukar meg sjølv aktivt som arb.redskap (miljøterapeut), og då måtte eg berre få jobbe meg gjennom dei tyngste dagane med tomheit og sorg, først.. Mandag prøver eg meg på jobb att. Det er som ei sorg det også, å gå inn att i kvardagen utan det lille livet i magen...

Eg lengtar etter den dagen eg atter ein gong er gravid, samtidig som eg også grur meg...for då vil ei tid med angst og uro også starte...

Men - prøve skal eg! Har blitt lovt god oppfylgjing og hjelp fra gynekolog.

Eg las i eit nyare innlegg av ditt, at du er i tvil på om du skal prøve igjen...og dine tankar om dårlege odds.

Veit at enkelte har dårleg blodgjennomstrøyming i livmor/morkake...og at dersom dette har blitt påvist, har fått god hjelp ved å få albyl-e gjennom svangerskapet.

Veit også at enkelte kan støte fra seg foster på nytt og på nytt, pga diverse sjukdomar som går på immunforsvar (kroppen tolkar då også foster som ein framandlekam som må støytast ut), dette kan vere ulike former for revmatisme, stoffskiftesjukdom o.l Her er det også god hjelp å få ,ved hjelp av ei hormonsprøyte som du då får til hjelp gjennom svangerskapet, ca annankvar dag. Veit at i Trondheim og i Volda har dei hatt gode erfaringar med denne type behandling.

Eg trur absolutt du skal be om at dei utreder deg litt meir i fht kva som har ført til dine abortar, slik at kroppen din då evt kan få litt hjelp utanfrå, til å bere fram eit friskt barn.

Har også høyrt om folk som har mista fleire gongar, som har fått god hjelp gjennom akupunktur ( går visst på å oppheve diverse blokkeringar i kroppen). Eg har vurdert å prøve akupunktur no ei periode fram mot november, då eg håpar kroppen min er klar på nytt.

Kjære Hypatia - du har klart å bere fram eit friskt og sunt barn ein gong før.

Eg trur son din snart har eit lite rampete sysken å passe tinga sine for.

Ikkje gi opp.

Ps - dei tankane du har om provosert abort og straff: Eg skjønar at du plagar deg sjølv med dei tankane i etterkant av det du har opplevd. Men naturen er ikkje innretta på det viset at han straffar deg for det. Det er heilt tilfeldig at dette har hendt deg - og dei erfaringane du gjorde da du var yngre og engstelig, har ikkje hatt nokon innverknad på dei opplevingane du no har hatt. Heilt sikkert!!!

Klem

Klem

Annonse

  • 3 uker senere...

Hei kjære Hypatia...

Ja da møttes vi her inne alikevel.. ble så lei meg da du mistet, og her kommer sørenmeg jeg igjen også... Håper virkelig vi kan slippe inn på 1.trim så for som mulig. Min historie ligger på 1.trim (mistet igjen).. I ventetiden får vi støtte opp om hverandre så godt vi kan.Ønsker deg lykke til min venn.

 

Mange klemmer

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...