Gå til innhold

Ei lita solskinnshistorie.


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei. Eg var i eit pr månadar mykje her inne. Eg og sambuaren min byrja prøve å få små i mars 2005, då blei me enige om å kutte ut p-pilla. Det fyrste halvåret og sikkert litt lenger var det stor iver etter å få spira til å sitte, og skuffelsen var enorm kvar gong mensen kom. Etter kvart blei det nesten sex-press i senga når tida var inne for eggløysing. Eg prøvde aldri eggløysingstester fordi eg var så sikker på at eg kjente det. Så feil kunne eg ta. Når me kom til februar i år gjekk eg til legen og sa at me hadde prøvt i eit år, dei tok blodprøver og sende meg vidare til spesialist for utredning. PCO hadde eg mistenkt lenge fordi eg hadde ein del av dei typiske teikna utenom uregelmessig menstruasjon, den har alltid vore presis. Når eg fekk brev frå spesialist kom nok ein nedtur, det var EIT HALVT ÅRS VENTETID...jaja hadde meventa så lenge kunne me vel vente eit halvt år til. Og det var dei som hadde svar på blodprøvene mine. Etter nokre månadar spurte eg derimot legen min om eg kunne få slankepiller (eg er jo ikkje akkurat tynn då, heller eit godt stykke frå) Eg fekk resept på Xenical som for øvrig var dyr men som gjorde susen, eg gjekk ned i vekt og berre etter ein månad vart me gravid!!!!!! Nå er me 19veker og 3dager på vei. Var på ultralyd igår og fekk sjå nurket som sparka styrte på så jordmora hadde problem med å ta dei måla ho skulle ta for nurket låg ikkje i ro lenge nok. ;-) Pga ein tidlig ultralyd grunna sterke magesmerter (som viste seg kun å vera luft) fekk eg vite at resultatet av blodprøvene viste at eg 90% sikkert hadde PCO, og det lille eg gjekk ned i vekt gjorde susen. Eg ynskjer alle her inne lykke til og snart er det deres tur, nokre må kanskje vente lenger enn andre men det er verdt det når ein endelig har fått spira til å sitte. For oss tok det 14mnd og til tider var det slitsomt. Føler med alle som prøver og spesielt dei som sliter litt.

Mvh lykkeleg og gravid, termin 17. januar.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Gratulerer så masse!!!

Den som venter på noe godt venter ikke forgjeves! :)

 

kos deg videre i svangerskapet :)

 

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...