Gå til innhold

Må ullbuksene trutne på nytt..


Anbefalte innlegg

Skrevet

... når dei har blitt vaska og innsett med lanolin? Det renn jo rett igjennom jo... Har ikkje vaska dei før, så eg er litt blank på dette :o)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

utan å vere heilt sikker sjølv, så tippar eg det. Lanolinen gjer jo buksene glattare, det er jo feitt. Så eg skulle tru du må gjennom same greia igjen. Har ikkje brukt ullbuksene på år og dag, eg...eg juksar med Kushies og Airflowcovers;)

Skrevet

Godt spørsmål. Det vil jeg gjerne også vite. Jeg vil også gjerne vite hvordan de trutner i utgangspunktet. Jeg er snart ferdig med å strikke bleiebuksene og regner med å måtte gjøre dette en gang før de skal taes i bruk om ikke så lenge.

Skrevet

Ok, dette kan eg svare på. Dei trutnar ved å verte skikkeleg tissevåte eit par gongar, urinen dannar nemleg såpe når han reagerer med lanolinen i ulla, og dette såpestoffet bidreg til å reinse buksa og å trutne henne. Så ein lekkasje eller to må du rekne med før buksa er tett. Ho trutnar vel av reint vatn òg, skulle eg tru (har ikkje testa), men urin er meir effektivt.

Skrevet

Det ser no ut til at buksene begynner å kome seg, har ikkje hatt lekkasje i dag i alle fall. Har to bukser som vi bytter på, er vel ein 4 dagar sidan dei var "nye" igjen.

Skrevet

Forresten så vaska vi ikkje buksene eller sette dei inn med lanolin før vi tok dei i bruk. Dei er jo "stappfulle" av lanolin om du brukar lanolingarnet frå Nøstebarn. Det kanskje rundt ei veke(?) før dei var tette. Det gjekk fortare å få dei tette igjen etter vasking no (har brukt dei i 3-4 mnd), sikkert fordi dei har blitt tova i bruk, så det er mindre mellomrom mellom trådane.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...