Gå til innhold

Medela brystpumpe


Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Klipper og limer noko eg har skreve før:

Eg har prøvd litt forskjellige sidan eg stort sett har fullpumpa i snart 6 mnd.

Bruker stort sett Medela Lactina Select, som eg har lånt på helsestasjonen. Hadde berre enkelpumpe til gutten min var 5 mnd, men no har eg også kjøpt dobbelpumpesett til denne, så eg kan pumpe begge sider samtidig. Då går det mykje fortare å pumpe seg. Den er eg veldig fornøgd med, suger jamnt og fint. MEN bråker litt og er stor.

 

Medela Swing, koster ca 1200 kr - er eg også fornøgd med. Liten, lett og lavt støynivå. Lett å ta med seg når ein går rundt om i huset (td når lillegutt har lagt seg for kvelden og sutrer litt før han sovner, og eg vil sjå noko på tv- så kan eg gå mellom soverommet og stua..)

Men nokre seier at det er ein feil med denne pumpa. Og eg lurer på om det var det som var gale med mi òg.. sidan den saug og saug og det berre kom litt ut (og det er ikkje noko i veien med utdrivningsrefleksen min)... men sa ifra om det, og fekk tilsendt ny motor. Var veldig grei å ha når vi var på ferie, for då kunne eg pumpe meg med den mens vi køyrte bil- og den har fungert bra til no

 

Medela Mini Electric- den eg lånte av svigerinna mi var gammel og dårlig (trur den er 8 år gammel!). Så den la eg fort vekk igjen (bråkte fælt og saug dårlig). Men nyare modeller er sikkert bedre..

 

Basson, rundt 500 kr - Den likte eg ikkje. Viss eg brukte den riktig, så saug den liksom ut brystet og holdt det der. Ikkje så behagelig akkurat. Brukte den ein halv gong, og la den vekk..

 

Viss ein ikkje skal pumpe seg så mykje, berre ein gong iblandt, ville eg anbefalt Avent si manuelle (men det er jo forskjellige erfaringer med den også). Den brukte eg då eg amma mi førstefødte, i korte perioder når ho var lei av puppen.

Eg har brukt den litt no også, sidan den er veldig grei å ha med seg når eg skal i besøk til nokon eller må sitte og pumpe mens eg er i byen (men sidan melkeproduksjonen min har stabilisert seg litt no, så treng eg ikkje å pumpe meg til alle døgnets tider lenger).

Når eg er i klubb med veninnene mine synest dei det er greit at eg sit sammen med dei mens eg pumper.

 

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5978666-medela-brystpumpe/#findComment-5979039
Del på andre sider

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...