Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Kor gamal er han?

 

Alle har mest melk om morgonen, og mindre utover kvelden, så det er heilt naturleg at babyen vil ligge til puppen meir om kvelden enn ellers om dagen.

 

Legg han på seg som han skal? Og virkar han fornøgd ellers på dagen? I såfall får han nok mat.

 

Det du kan prøve er å pumpe ut litt melk om morgonen som du kan gje han om kvelden, berre for å sjå om han faktisk vil ha meir enn det han får ut av puppen. Eg vil ikkje anbefale å gje mme før du *veit* om du har for lite melk, ettersom det kan føre til at produksjonen din minkar.

 

Hos oss han guten vår i puppen mykje om dagen, og enno meir om kvelden + ein del om natta fram til han var 3-4 mnd gamal. Då først stabiliserte det seg nok til at eg kunne snike meg unna eit par timar på ettermiddagen.

 

Ta det opp med helesøster på neste kontroll, og/eller ta kontakt med ammehjelpen (står under A i telefonkatalogen, les gjerne og på www.ammehjelpen.no - kanskje du finn noko nyttig der).

 

Lykke til vidare!

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5806469-for-lite-melk/#findComment-5809868
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...