Gå til innhold

raser opp i vekt.....


Anbefalte innlegg

Det irriterert meg veldig at jeg går så fort opp.Har fått diagnosen pco i mars i år og raser opp i vekt.Har prøvd og legge om kostholdet og trent veldig hardt men det hjelper ikke.Prøver jo og bli gravid også så vil ikke at vekten skal hoppe opp og ned.Fikk sjokk da jeg veide meg i kveld...vekten viste 98k....nesten opp 20kg på et år det...er ikke mulig.

 

Noen som har noe tips til meg?

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Hei!

 

Du seier du har prøvt å legge om kostholdet og trent hardt.

På kva måte har du trent? Kor ofte/lenge og kva type trening?

Kva har du lagt vekt på i omlegging av kosthaldet?

 

Svar på desse spørsmåla kan hjelpe meg å gi deg best mogeleg råd. Har sjølv skjerpa meg i det siste og gått ned ein god del i vekt, så føler eg kan ein del om kva som kan hjelpe

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/#findComment-5602300
Del på andre sider

Har trent styrke ei god stund..da la jeg på veg veldig..trent handball(2div)hardt,gått turer/springet.

 

Spiser ikke etter kl 19...om kveldene drikker veldig mye vann.Prøver og spise flere måltid pr dag.Mye fiber og slikt.Blir kvalm av hurtig mat...

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/#findComment-5602335
Del på andre sider

Hei, hei

 

Skjønner at dette kan skape frustrasjon, ja. Jeg er ikke lege, så jeg må spørre hva denne forkortelsen PCO står for ?

Det høres jo ut som om du gjør "de riktige tingene" med fiber, trening etc., har du forsøkt å snakke med lege om utfordringen ?

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/#findComment-5602755
Del på andre sider

Høyrest ut til at du gjer mykje rett!

 

Fortsett med styrketrening. Det er med på å bygge/bevare musklatur, noko som er gunstig for å bevare forbrenninga. Sjølv om styrketrening kan gi noko vektauke i seg sjølv fordi musklar veg meir enn feitt, vil kroppen verte strammare og difor virke slankare. Bruk heller målband enn vekt! Du kan også prøve å legge merke til om kleda vert lausare eller strammare. For mykje fokus på vekta i kg er ikkje så bra. Ein kropp tung av musklar er mykje sunnare enn ein slapp og dvask kropp med meir feitt! Å kominere og variere treninga med både kondisjon og styrke er også supert, slik du gjer!

 

Når det gjeld kosthald er små og hyppige måltid alfa og omega! Et gjerne 5-6 måltid per dag. Fordel det på 3-4 hovudmåltid og 1-2 mellommåltid. La det helst ikkje gå meir enn 3, maks 4 timar mellom kvar gong du et. Du kan gjerne ete så ofte som kvar 2-3 time, men hugs; lite og ofte! Dette er med på å halde blodsukkertet stabilt slik at faren for søtsug og lysta på feil mat vert mindre. Du rekk liksom aldri å verte skikkeleg svolten og då ete for mykje. Å ete så ofte er også viktig for å halde oppe forbrenninga. Om ein et for lite og for sjeldan, vil kroppen oppleve det som om den er i fare på grunn av matmangel, og vil difor gå inn i sparemodus ved å redusere forbrenninga då den opplever at den må spare på energien i "dårlege tider". Slik berga kroppen seg i urtida då tilgangen på mat ikkje var så stabil som no!

 

Kva du et er også noko å tenkje på. At du ikkje likar hurtig-mat er bra! Mykje fiber er også bra. Rikeleg fiberinntak vil gi tarmane noko å jobbe med samstundes som det gir god mettheitskjensle og stabiliserar blodsukkeret. Rikeleg inntak av veske må til ved høgt fiberinntak. Ellers risikerar du å verte forstoppa. Drikk vatn, det er beste tyrstedrikken! Gjerne minst 2 liter vatn dagleg. Små mengder skummamjølk og andre magre meieriprodukt har også vist seg gunstig for vektnedgang. I tilleg gir slike produkt tilførsel av kalsium/kalk som er viktig for beinbyggninga di. Dei inneheld og andre viktige næringstoff og protein. Velg grovaste sort brød/knekkebrød med fullkorn og gjerne rug. Anbefalar Rugsprø og Ingers rugbrød. Ingers rugbrød er mettande og godt! Oppskrift har eg om du treng det;-) Det kan vere gunstig å redusere mengd brødmat per dag. I tillegg vil eg anbefale deg å redusere inntak av raske karbohydrat som fint brød, pasta, ris, poteter og sukker. Velg brun ris, fullkornspasta og potet i begrensa mengder. Et heller rikeleg med grønnsaker eller salat til middagen. Anbefalar også salat til lunsj kombinert med protein som kylling, kokt egg, tunfisk, reker, skinke, 10% fetaost e.l. Det er også godt og mettande med raude salatbønner som du får kjøpt på boks i ein slik salat. Du kan evt. ete eit knekkebrød eller ei tynn grovskive ved sidan av. Eg lagar av og til omelett også til lunsj for å variere litt. Bruk minimalt med sukker. Du kan ete 1-2 frukter per dag. Eple/pærer/appelsin/kiwi/nektarin osv. er relativt kalorifattige. Banan bør du ikkje ete for ofte sjølv om det inneheld mange næringstoff. Dette pga sukkerinnhald og høgt kaloriinnhald. Som mellommåltid kan du velge ei frukt, ein lett-yoghurt med 0,1% feitt, eller gjerne naturell med bær eller anna frukt i. Ver merksam på at ein del lett-yoghurtar inneheld kunstig søtstoff som erstatning for sukker. Om du vil unngå dette anbefalar eg Sans 0,1% yoghurt med vanilje eller bringebær som du får kjøpt i 1/2-liters beger. Den inneheld redusert mengd sukker og minimalt med feitt. Kjempegodt i lag med grov usukra frukostblanding og ei ss cottage cheese for å auke proteininnhaldet. Kan anbefala Fedon si frukostblanding. Velg reint kjøt og fisk så ofte du kan til fordel for bearbeidde produkt og kjøttdeig. Karbonadedeig kan brukast då den inneheld berre 6% feitt. Fjern skinn på kylling og skjer bort synleg feitt på kjøt då dette gir mykje metta feitt som ikkje er bra for helsa. Feit fisk som makrell eller laks gir sunt feitt som kroppen din treng. Ta evt. Omega-3 tilskot om du et feit fisk sjeldan. Du kan gjerne ta ein multivitamin/mineraltablett dagleg for å sikre inntak av det kroppen din treng.

 

Kort oppsummert vert det slik:

 

-drikk rikeleg med vatn

-et ofte og lite, 5-6 måltid per dag - ca kvar 3 time

-velg grovt brød/knekkebrød i redusert mengd

-reduser inntak av raske karbohydrat (unngå brus, snop, kaker,kjeks.osv! Dette er fy,fy og festkost ein og anna gang)

-velg magre meieriprodukt

-få i deg nok protein! Dette bevarar musklar, gir stabilt blodsukker og du føler deg mett lenger.

-bruk meir grønnsaker/salat

- max 1-2 frukter per dag

-kvart måltid bør ideelt innehalde både langsame karbohydrat, protein og litt sunt feitt.

 

Lykke til!!!

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/#findComment-5602947
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Gløymde å nemne at eg meiner å ha høyrt at dei med PCO ofte kan ha insulin-resistens. Det kan kanskje vere forklaringa på di vektauke??? Ved insulinresistens reagerar ikkje kroppen slik det skal på insulinet fordi følsomheita i cellene for insulin er redusert. Difor må kroppen produsere meir insulin og det gjer at kroppen lagrar meir feitt. Om dette er tilfellet hjå deg vil eit slik kosthald som skissert ovanfor vere ideelt! Målet er då mest mogeleg stabilt blodsukker vha hyppige små måltid med nok protein og langsame karbohydrat. Dette vil redusere kroppen sitt behov for insulin, og vekta vil krype nedover.

 

Klem:-)

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/#findComment-5603070
Del på andre sider

Annonse

Jeg har pcos, og det eneste som hjelper meg når jeg ikke går på p-piller er å spise lav GI-diett, lite og ofte. Bruker Fedon-kokeboken masse og spiser lite hvitt mel, og pasta. Må trene ved siden av, og drikke masse vann.

Jeg ville bedt om å få sjekket insulin-resistens, metformin som er et medikament som brukes mot diabetes 2 har hjulpet mange med pcos/pso.

 

Lenke til kommentar
https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5602158-raser-opp-i-vekt/#findComment-5609156
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...