Gå til innhold

Student i Oslo?


Gjest

Anbefalte innlegg

Er det mange som studerer ved UiO eller? Eg skal byrje (på nytt) til hausten, har hatt to år "pause" med jobbings i utlandet og jobbings i Noreg for å få ha mannen min her... Gler meg heilt vilt til å byrje studentlivet att, og kanskje kombinere det med mammarolle.

Har lyst å bli kjent med litt fleire i Oslo, og gjerne folk i min situasjon (ingen av venninne mine i Oslo er gifte/sambo/gravide/prøvarar/foreldre), så gje lyd!!

Eg flyttar til Løkka på fredag, og er klar for lange late dagar i parken, eller eit cafébesøk eller mange... :o)

Fortsetter under...

Eg har studert første året på ein språk bachelor, og så flytta eg til London for å vere saman med kjærasten min (no mann), jobba der i 6 mnd før vi flytta til Mexico for å treffe familien hans. Studerte spansk eit semester der (heilt fantastisk! Hurra for Mexico!!)

Vi gifta oss i oktober i fjor, og eg har jobba som vikarlærar dette skuleåret for at han skulle få lov til å vere i Noreg (må ha ei viss inntekt for at han han søke om oppholdstillatelse). Han er utdanna byggingeniør, og har studert norsk i eitt år, så han er KLAR for å byrje i jobb i Oslo til hausten. Han er jobbsøkar no, satsar på at han får jobb i august :)

Og eg skal bli fulltidsstudent igjen. Skal halde fram med bach i språk, så blir det PPU og ferdig lærar. Men vi har veldig lyst på baby no, skal gå aktivt inn for prøving til hausten. Du er heldig som har ein liten spire allereie!! *smile* Satsar på at det går fort med oss også...

Gjest Riga19 - jente 22.10?

Oioioi...eg skal faktisk byrje på bachelor i språk ved UiO til hausten!!! Og kjærasten min bur på Grünerløkka, so eg kjem til å bu der i august til me finn ein ny stad. Eg kjenner ikkje so mange i Oslo, so eg har jo ogso lyst til å verte kjent med nokon der. Er gravid...fær ungen min i oktober, men skal ikkje ta permisjon frå skulen (skal ta enkle fag...norsk og ex.fac.), og kjærasten min er heldigvis ein språknerd, so eg har privatlærar heime!:P

Har heller ikkje vore på skulen dei siste 2 åra sidan eg har hatt depresjon, og vore uheldig med både skuleval og svangerskapet...men no ser endelig ting ut til å verte bra!:) Eg er forresten 19, og kjærasten min 24.

oj, så kjekt!!

eg skal ta engelsk og spansk :)

vi kan jo henge masse på hf (historiskfilosofisk fakultet, der alle språkstudentane studerer)! og på grünerløkka! *jippidans*

kor er du frå? eg kjem frå volda, men GLER meg til å flytte (leiii av bygdeliv, har budd altforlenge i storby/utlandet til å trivast i veslevolda lengre..)

 

Annonse

Gjest Riga19 - jente 22.10?

Veit godt kva HF er, for kjærasten min har teke maaaaaange fag der! Og eg byrja på nederlandsk i vår, men måtte sjukemelde meg pga kvalme og sånn. Eg kjem eigentleg frå Island, men har budd i Skien halve livet. Og no er det jo Oslo. (So eg pratar ikkje nynorsk, men likar veldig godt å skrive ho sidan kjærasten min er frå Stryn, og me skriv det saman,- og det er jo veldig få på BiM som skriv nynorsk, diverre.)

 

Men då kan me jo henge saman jau...eg treng eit godt sosialt nettverk slik at eg ikkje gruar meg til å gå på skulen (har litt sosial angst). Og so må eg jo vere masse heime med ungen, og då er det koseleg med vitjing!:)

Eg har nokre få venninner i Oslo no, dei fleste reiser til utlandet for å studere til hausten. MEN eg har lyst på nye venninner, og det er bra med folk som er i litt same situasjon. Kjenner jo ingen på Grünerløkka...

 

Så bra at du skriv nynorsk! Hurra for nynorskklubben. På babyverden føles det som eg er den einaste som skriv nynorsk. Det er ein del nynorsk på bleiedebatten, men føler ikkje at eg kan melde meg heilt inn der endå. Vi har jo eigentleg ikkje blitt aktive prøvarar eingong... ;)

  • 2 uker senere...
Gjest Riga19 - jente 22.10?

No har eg vore i Sogn og Fjordane, og so i Oslo...var kvalm og slapp som berre det, so eg fekk ikkje gjort so mykje. Men no held formen vonande på å verte betre, so jau. Senga til kjærasten min har vorte altfor liten for oss no som eg har fenge mage, so då trur eg ikkje eg skal på vitjing att før i august (og då for å flytte saman...tek med den store senga mi!). Men me kjem nok til å verte verande på Grünerløkka heile august, og kanskje litt september. Mellombels so er eg i Skien. MSN-en min er forresten [email protected] om du har det...kjem nok til å vere ein del på BiM no utover, so me pratast sikkert snart!:)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...