gullet og eg Skrevet 3. juli 2006 #1 Skrevet 3. juli 2006 hei, har nokre tøybleier frå babykos, og dei her jo plast som sperrelag. Eg ønskjer å bruka ullbukser som sperrelag i staden, og tenker at det må jo vera mulig å ta ut plasten. Er det nokon her som har tatt ut plasten av bleiene? Korleis gjorde de det?
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 3. juli 2006 #2 Skrevet 3. juli 2006 Hehe...no sit eg berre og ventar på at Ranveig skal svare deg. Tenkte eg skulle vere med å lage ein etter måten lang nynorsk-tråd her inne i mellomtida:). Ranveig har iallfall teke ut plasten og bruker heimestrikka ullbukser i staden, og er, etter det eg høyrer, strålande nøgd.
gullet og eg Skrevet 3. juli 2006 Forfatter #3 Skrevet 3. juli 2006 ja då får eg vente på Ranveig eg og korleis går det med migrenen forresten?
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 3. juli 2006 #4 Skrevet 3. juli 2006 det går som det bruker: eg kjem til å ha migrene til i morgon. Varer alltid i tre dagar, så då eg kjende teikna i går kveld, visste eg at i dag var det berre å rigge seg til med ei stor flaske Pepsi max og gjere minst mogleg ut av dagen. Mini har papirbleier på seg, for å seie det slik. Men no søv knøttet, i det minste - med 38,2 i feber og ein liten stikkpille innabords. Det er godt at han søv, men det beste hadde jo vore om han hadde vore frisk. Er du sogning, forresten, Gullemora?
Anonym bruker Skrevet 3. juli 2006 #5 Skrevet 3. juli 2006 Berre for å blanda meg inn så har eg tatt ut sperrelaget i babykosbleiene. Eg spretta opp saumen framme, vrengde bleia og plukka ut plasten. Så sydde eg bleia att med maskin tilslutt (etter å ha vrengd bleia med rette sida ut att først). Bleiene er heilt greie, men eg er ikkje glad i borelåsen som gneg på den vesle mjuke magen.
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 3. juli 2006 #6 Skrevet 3. juli 2006 Heilt greitt at du blanda deg inn (det var vel eigentleg eg som gjorde det, då...), så lenge du gjorde det på nynorsk;). Trur bleiedebatten må vere det forumet som har høgast nynorskprosent...
gullet og eg Skrevet 3. juli 2006 Forfatter #7 Skrevet 3. juli 2006 takk for svar anynom. Skal sjå om ikkje eg og kan få til å gjera det slik. Vero: Ja det er ille med migrene som varer i fleire dagar. Heldigvis har eg ikkje vore så plaga no etter at gullet vart fødd. Har du prøvd å ta kosttilskudd av magnesium? Dei seier det skal hjelpa, men eg veit ikkje om det gjer det eller ikkje. Vanskeleg å seia om eg har merka nokon forskjell. nei,eg er ikkje sogning, men sørlending
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 3. juli 2006 #8 Skrevet 3. juli 2006 Oj...er neimen ikkje mange nynorskbrukarane att i Agder, iallfall ikkje i den yngre garde. Har prøvd mykje forskjellig mot migrene, men ingenting hjelper. Men eg har vorte mykje betre etter at eg vart gravid. Før hadde eg i snitt eit anfall pr fjortendagane, men no går det mange veker mellom kvart anfall. Trur faktisk ikkje eg hadde eitt anfall medan eg var gravid. Kanskje det er det som skal til;)?
gullet og eg Skrevet 3. juli 2006 Forfatter #9 Skrevet 3. juli 2006 dette enda jo opp heilt utanfor tema Kanskje vi skulle hatt eit migreneforum? Eg er forresten også 76-modell Vero.
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 3. juli 2006 #10 Skrevet 3. juli 2006 eit migreneforum trur eg hadde fått mange brukarar. Det er utruleg mange som er plaga med svineriet! Snille sambuaren min kom heim frå jobb ein time tidlegare enn vanleg, og tok seg av junior så eg fekk sove eit par timar. No har vi fått babyen i seng (også dette ein time før skjema), så no prøver eg å slappe av, drikke vatn og håpe på snarleg betring. No håper eg snart Ranveig kjem og nøstar denne tråden tilbake til tema:)
Ranveig R Skrevet 4. juli 2006 #11 Skrevet 4. juli 2006 *nøste-nøste* Det gjekk greitt ;-) Eg prøvde å svare i går, men så gjekk straumen akkurat då eg trykte på lagre-knappen. Det er veldig enkelt å ta plasten ut av bleiene. Eg klipte ei ca 5cm lang opning ute i eine kanten. Så er det berre til å putte inn eit par fingre, ta tak i plastlaget og løsne det rundt heile kanten. Det løsnar veldig lett. Når ein har fått ut plasten er det berre til å finne frm nål og tråd og sy igjen opninga. Det er som sagt ikkje nokon stor "operasjon", prosessen tar berre nokre få minutt pr. bleie. Berre spør om det er noko du lurar på, eller om det var noko som var uklart her... Lykke til )
gullet og eg Skrevet 5. juli 2006 Forfatter #12 Skrevet 5. juli 2006 takk for svar Ranveig! Det høyrest ut til at det burde gå greit å fjerne plasten, nå er det berre å få satt seg ned og gjort det. Det blir kanskje verre Får love meg sjølv ei belønning når eg er ferdig
Ranveig R Skrevet 5. juli 2006 #13 Skrevet 5. juli 2006 Var ikkje vanskeleg for meg å bli motivert - belønninga mi blei å få bruke formsydde bleier og sleppe å stå og brette og brette og brette og brette.... ;o)
Vero76 - 30.11.05 Skrevet 6. juli 2006 #14 Skrevet 6. juli 2006 Går jo an å setje seg ned og brette, veit du, Ranveig.... Neidå, tek poenget, men brettinga gjer meg ingenting. Tek det framfor fjernsynet, så merkar eg ikkje at eg held på med det.
Ranveig R Skrevet 6. juli 2006 #15 Skrevet 6. juli 2006 Hehe... Jo eg kunne sett meg ned, hadde det ikkje vore for at bordet er fullt av laptop'en min ;o) Nei, eg kan ikkje sitte her, eg skal i bryllaup på laurdag og skal både ta bileta og holde tale... Så no har eg skrive ein haug med limericks som skal snikrast saman med nokre velvalde ord i mellom, og så må eg lage ei oversikt over alle bileta eg skal ta. Det er dumt å merke etterpå at eg gløymde å ta bilete av brudgommen aleine (som dustefotogrfen i bryllaupet vårt gjorde)... Så kvifor eg sit her er heilt uforklarleg. Bra eg ikkje har bleier å brette i tilleg i alle fall ) Back to work!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå