Anonym bruker Skrevet 23. juni 2006 #1 Del Skrevet 23. juni 2006 Hva kan jeg gi til min 9 mnd gamle jente??? yogurt, kjeks, melk, pålegg drikke osv?? Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5450152-9-mn-gammel-hva-slags-matgodis-ol/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ranveig R Skrevet 23. juni 2006 #2 Del Skrevet 23. juni 2006 Kumelk skal dei ikkje ha før dei er 1 år, med mindre det er i syrna form (yoghurt, biola, surmelk). Syrna melk kan dei få når dei er 10 mnd gamle. Eg gir ikkje guten vår kjeks fordi det er så himla masse sukker i dei (såg på ein pakke med Hipp babykjeks på butikken i dag - 24g sukker pr 100g kjeks! Er jo omtrent 1/4 sukker det!), men han får tygge på ein kavring innimellom, og eg har tenkt han kan få riskake (sånn som ikkje er salta) no etter kvart. Eg synest ikkje så små ungar treng noko "godis", dei vil stort sett vere like glade for å få smake på f.eks. vannmelon som ein sjokoladebit. Av frukt kan ein baby på 9 mnd få det meste, men nokre få unntak er det; jordbær (med mindre dei er varmebehandla/kokt), kiwi, appelsin og andre sitrusfrukter. Dette er fordi det er lett for å bli veldig allergisk mot desse fruktene. Av middag får guten vår stort sett det same som vi et (han nektar plent å ete middagsglas eller ferdiglaga babymat); ris, pasta, potet, fisk, kylling, grønsaker etc. Vi tar då av litt til han før vi saltar/krydrar maten så mykje. Han får saus på poteten sin, men vi begrensar det litt, i og med at "posesaus" ofte inneheld ein del salt. Egg skal dei heller ikkje ha før dei er 1 år. Når det gjeld pålegg går det stort sett i leverpostei og skinkeost her, men makrell i tomat pleier ofte å vere ein slager. Fruktmos i staden for vanleg (kjempesøtt) syltetøy er og ein idé, og mange småbarn er glade i kaviar. Guten vår er veldig flink til å drikke vatn, så vi har ikkje hatt behov for å "lure" det i han ved hjelp av tilsetningar. Han fekk smake litt uttynna eplejuice i dag, men det var visst alt for surt - han ville mykje heller ha vatnet sitt... Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5450152-9-mn-gammel-hva-slags-matgodis-ol/#findComment-5452528 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Luca Skrevet 23. juni 2006 #3 Del Skrevet 23. juni 2006 Veldig enig i det du har skrevet Ranveig. Her går det i det samme til snuppa vår på 21(i dag:-) mnd. I tilegg spiser hun yoghurt naturell, som ikke inneholder noe sukker. så det blir til hva du venner de til. Lenke til kommentar https://forum.klikk.no/foreldre/topic/5450152-9-mn-gammel-hva-slags-matgodis-ol/#findComment-5452692 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå